Kultur | 16. aug. 2009

Oselvaren vann!

Trøndarane har kasta inn handkledet - oselvaren blir Noregs nasjonalbåt.

Oselvaren vann!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. aug. 2009 20:51

- Vi gjev opp, men er veldig stolt av åfjordsbåten, seier ordførar i Åfjord, Vibeke Stjern, til adressa.no.

Redningsselskapet har førebels ikkje gått ut med vinnaren, men alt tyder no på at oelvaren blir Noregs nasjonalbåt.

- Tårene kom, eg måtte ta meg saman før eg klarte å ringa til pappa og spre det glade bodskapen, seier Rune Søvik frå Oselvarlaget.

Faren Nilmar Søvik (bildet) er ein erfaren båtbyggar, og har vore ein frontfigur i oselvarmiljøet i mange år.

Sundag kveld leia oselvaren med over 15.000 stemmer.

- Vi innser at oselveren kjem til å vinna og vil ikkje bruka meir ressurser på å stemma, seier ordføraren i Åfjord kommune til adressa.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.