Sport | 24. sep. 2020

Oselvo: Fersk statistikk og moglege endringar i 2021

Nok eit år med auka fangst.

Oselvo: Fersk statistikk og moglege endringar i 2021
Formann i grunneigarlaget, Roald Helle. (Arkivbilde, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. sep. 2020 10:42

I dag blei fangststatistikken for Oselvo og resten av Os-vassdraget gjort offentleg.

Sesongen varte frå 15. juni til 15. september, og det blei fiska til saman 719,3 kilo villaks.

– Det var låg vasstand og dårleg fangst dei to første vekene, men så kom to fantastiske veker, der rundt halvparten avårets totale mengde blei tatt på land, seier Roald Berge Helle, formann Osvassdragets forvaltningslag.

– Dette er ikkje rekord, men det er beste totalfangst på nokre år.

Til samanlikning blei det tatt 647,5 kilo i 2019 og 545,4 kilo i den rekordtørre sommaren i 2018.

Det blei likevel tatt færre laks i år enn i fjor, 210 i 2020 mot 258 i 2019.

Sjå komplett statistikk nedst i artikkelen.

Direktoratet har kome med forslag om tidlegare start neste år, 1. juni, som dei feste andre elvene i Noreg har som start.

– Sesongen blir i så fall like lang, tre månadar frå 1. juni til 1. september. Då mister vi nokre veker som normalt har god vassføring og godt fiske, samtidig er det nok fleire som synest det er kjekt å koma i gang tidleg, på ei lysare tid, etter å ha venta ein heil vinter.

– Ho-fisken er dessutan blank og fin på forsommaren, og med betre kvalitet på kjøtet. Det tappar feitt å gå med 10.000 rogn til gyting.

Tidleg start er ikkje endeleg stadfesta, og gjeld i så fall fem år framover.

Først og størst

Årets første laks blei fiska av Alen Nikolic klokka 19.30 i opningsdøgnet 15. juni. Laksen vog 5,9 kilo (86 cm lang) og blei tatt på spinner i Kremretten.

Årets «Oskar», første laks tatt av medlem i Os Jakt og Fiskelag, blei fiska av Remi Bårtvedt 5. juli. Han fekk ein laks på 6,1 kilo på spinner i sone 2 klokka 19.13.

Årets største laks vog 11,5 kilo og blei tatt av Per Gunnar Tuv 21. juli. Fisken var 112 cm lang og beit på spinner i Kremretten.

Årets Oskar gjekk, som i 2016, til Remi Båtvedt. (Foto: Tore Moberg)
Årets Oskar gjekk, som i 2016, til Remi Båtvedt. (Foto: Tore Moberg)

Kan det opna for sjøaure igjen?

For rundt ti år sidan var bestanden på sjøaure i Oselvo nesten vekke. Så valte grunneigarane å stoppa fisket etter arten.

– Om eg ikkje hugsar heilt rett, så blei det tatt under ti sjøaure den siste sesongen med fiske, sa Helle til Midtsiden tidlegare i sommar.

Både observasjonar og fangst viser at bestanden er på god veg tilbake.

I fjor blei det fiska 107 sjøaure (til saman 92,4 kilo), i år blei det fiska 132 sjøaure (112,3 kilo). Berre éin fisk per år blei avliva, resten blei sett på elva igjen.

– Vi må hugsa at dette er bifangst, aure som har bite på for eksempel store spinnarar. Det har ikkje blitt fiska etter aure, og sone null, som har vore ein god sone for sjøaure, har vore omtrent folketom og slått saman med sone 1 etter at vi freda auren.

– Kan det opna for fiske etter sjøaure igjen i 2021?

– Det er mogleg. Vi ventar på resultat av fisketellinga, som foregår med undervannskamera. Ekspertane seier at ein bestand toler 10 prosent beskatning. Om vi opnar opp igjen, så legg vi oss nok under dette.

Å opna for fiske etter sjøaure kan vera bra for rekrutteringa.

– Det er enklare og kanskje kjekkare for ungdom å stå i sone null (frå Osbrua og opp til Gamlebrua) med ein dupp, enn å kjempa mot storlaksen lengre oppe i elva.

– Om vi opnar for fiske etter sjøaure, så vil eg drøfta med utvalet om vi skal laga ein eigen ungdomskvote, så ikkje erfarne vaksne fiskarar drar alt på land før ungdomen får napp.

Oter og oppdrettslaks

Før sesongopning i 2019 blei det oppdaga ein oter som dreiv tjuvfiske i Oselvo. Sjå video!

– Er det framleis oter i elva, og byr den på problem?

– Ja, eg har sjølv sett to oterar samtidig på Søfteland, og Remi Bårtvedt har sett oter fanga fugl (ikkje ørn denne gong) i sone 0.

– Det er fleire forhold som trugar laksen og auren, både oter, gjedde, oppdrettslaks og tjuvfiske kan påverka bestanden negativt. Det er vanskeleg å seia kva som er verst, og det er dessverre fortsatt noko oppdrettslaks å sjå i elva.

Mengda fiska oppdrettslaks er likevel halvvert i forhold til i fjor, med 14 i år mot 29 i 2019.

– Kva med tjuvfiske i elva og fiske i Os hamn?

– Vi avslører litt tjuvfiske òg. Nokre gir uttrykk av at dei ikkje kan reglane, som nokre utanlandske statsborgarar som sto med godt utstyr dagen før opning, og takka veldig høflig for informasjonen då vi konfronterte dei - og han som fiska, men mista, ein stor laks frå cabincruiseren sin i Os hamn.

Visste du at det ikkje er lov å fiska laks eller aure frå moloen, eller for eksempel frå Moldegård, før 15. juli? Aure bør du dessutan heller ikkje ta så lenge grunneigarane i elva ønskjer å få opp bestanden.

– Det er òg ein del rydding etter folk som bruker fiskehyttene, utan at dei er der for å fiska. Vi forstår at folk liker seg ved elva, men synest at dei kan ta med seg bosset. Det har òg vore tilfelle av hærverk, og at nokon har kasta benkeputene på elva. Då byrjar vi å lura på folk!

Statistikk - Oselvo 2020

  • Største laks 11,5 kg
  • Største sjøaure 3,9 kg

Årets fangst i bilde: Sjå prohd.no

210 villaks 719,3 kg.
14 oppdrettslaks 31,1 kg.
132 sjøaure 112,3 kg. Berre éin avliva.
6 regnbogeaure 28,4 kg.
Ingen pukkellaks.

Det er avliva - etter storleik:
72 tert, 120,9 kg.
93 mellomlaks, 422,2 kg.
14 storlaks, 112,9 kg.
14 oppdrettslaks, 31,1 kg.
6 regnbogeaure 28,4 kg.
1 sjøaure 1 kg.

Det er sett ut:
23 tert 33,4 kg
8 mellomlaks 29,9 kg.
131 sjøaure 111,3 kg.

Fordeling
95 tert, 154,3 kg
101 mellomlaks, 452,1 kg
14 storlaks 112,9 kg.
Snittvekt laks 3,43 kg.

Til samanlikning, tal frå 2019:
258 villaks - 647,5 kilo.
29 oppdrettslaks - 73,4 kilo.
107 sjøaure - 92,4 kilo. (berre éin vart avliva).
1 regnbogeaure - 2,9 kilo.
1 pukkellaks - 1kilo.

2018: 166 laks med totalvekt på 545,4 kg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.