Lokal | 24. mars 2019

Oselvo på Facebook

Ny Facebook-side skal vera informasjonskanal for alle som har interesse for vassdraget.

Oselvo på Facebook
Roald Helle og Osvassdragets forvaltingslag har no lansert ei Facebook-side for Oselvo. Her frå uttaksfiske i desember ifjor. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 24. mars 2019 11:05

Bak den nyoppstarta sida finn du Osvassdragets forvaltingslag.

Roald Helle frå laget fortel at hensikta med sida er å fortløpande kunna leggja ut relevant informasjon og nyhende til alle som har ei interesse i Os-vassdraget.

– Det kan vera seg sportsfiskarar, grunneigarar eller myndigheiter.

– Døme kan vera resultat frå teljing av bestandar eller ulike prosjekt som merking av fisk og uttaksfiske. Sida kan òg vera eit forum kor folk melder inn ting dei ser som kan ha noko å seia for vassdraget, til dømes om publikum ser boss som er på veg i elva. Eit anna døme kan vera anleggsarbeid i nærleiken av elva. Då kan vi følgja ekstra godt med i høve til avrenningar ut elva.

Les òg: På jakt i Oselvo med garn og harpun

Hei Bergen!

Helle fortel at han spesielt ønskjer grunneigarar som soknar til Bergen kommune ekstra velkommen til å ta del i Facebook-sida;

– Vassdraget strekk jo seg heilt opp til Hausdalen/ Gullfjellet, så å få desse med i informasjonsstraumen er heilt klart eit mål.

Helle fortel at sida vart opna denne veka, og allereie no tel sida 28 medlemar.

– Det ligg allereie ute ein del relevant info - kanskje den viktigaste av alt; det vert fiske i Oselva i år òg.

Årets sesong startar 15. juni og går til 15. september.

Facebook-sida finn du her: Oselvo

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.