Kultur | 18. jan. 2019

Osfest ser fram og tilbake

Her er etterpå-filmen, tilbakeblikk på resultat og tankar om festivalplassen som forsvinn i 2020.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. jan. 2019 14:35

Osfest sitt innleigde kameramannskap er klare med «aftermovien», 48 muntre sekund frå 2018-festivalen.

Filmen ser du i ruta over (foto/klipp: Klix)

Etterpå-filmen har vore klar ei stund, men det skal ha tatt litt tid å få løyve til å bruka enkelte lydspor.

Vekst og overskot

Arrangør Os Live AS har ikkje detaljert økonomisk tilbakeblikk på fjoråret, men festivalsjef Tor Egil Hylland kan gi nokre indikasjonar.

– Alle dei tre arrangementa våre i fjor, Vognhallen, Osfest og Lille Nyttårsaften på Nore Neset, gjekk med overskot.

I sum reknar han med eit overskot på «nokre hundre tusen».

– Konserten i Vognhallen i juni fekk eit ubetydeleg overskot, rundt 10.000 kroner, det er Osfest som utgjorde mest. Samtidig blei det ny publikumsrekord på Nore Neset, der vi har gått med overskot kvart år.

Besøkstalet på Osfest 2018 auka, men ikkje så mykje i forhold til 2017. Omsetnaden auka meir, frå 2,4 til minst 3,5 millionar kroner.

• Les òg: Nye tal for Osfest 2018

Siste fest på grusbanen

Sondre Justad, Violet Road og Untouchabl(u)es er allereie annonsert til årets festival, som går av stabelen fredag og laurdag 9. og 10. august.

– Det er ikkje lenge til vi slepp dei neste namna, seier Hylland.

Dei siste åra har Os kommune planlagt å bygga nytt parkeringshus i sentrum. I haust blei grusbanen som Osfest bruker aktuell igjen, og før jul kom vedtaket.

– Vi er glade for at dei ventar med byggearbeidet til vi er ferdige med årets festival, og vi er godt i gang med å skissa nytt festivalområde ein annan plass.

Det var tidlegare vurdert å flytta festivalen til Kuventræ.

– Det er fleire årsaker til at vi helst vil bli verande i eller nær sentrumskjerna og hamna, og det er ei sentrumsnær løysing vi no jobbar med.

Hylland vil førebels ikkje svara på om det er Vikjo, ungdomsskulen eller andre stadar som kan bli aktuell lokasjon.

– Vi er i dialog med kommunen, men ønskjer ikkje å lufta ting i media før alle partar er einige.

– No ser vi fram til årets festival. Vi var tidleg ute med sal av pass, og selte seinast onsdag. Reknar vi todagarspass om til to gjestedøgn, har vi til no selt 99 dagar. Dei første som har sikra seg pass kjem blant anna frå Sotra, Sogndal og fleire plassar på Austlandet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.