Kultur | 17. feb. 2012

Osing bak Fjorden Baby!

Skuleprosjekt blei offisiell musikkvideo for Fjorden Baby! - Bare kjør dokkar opp.

Osing bak Fjorden Baby!
Kjell-Gunnar Hjartholm Knudsen (i lys jakke) saman med resten av teamet bak musikkvideoen (privat foto)
Andris Hamrefredag 17. feb. 2012 08:59

Kjell-Gunnar Hjartholm Knudsen er førsteårsstudent ved film- og TV-produksjonslina ved Noroff i Bergen. Då elevane skulle igang med nytt prosjekt kom Knudsen opp med skisse til musikkvideo til Fjorden Baby! sin «Som på TV».

- Lærarane plukka ut mitt prosjekt som eitt av dei fem prosjekta vi skulle gå vidare med.

- Sidan eg har vore, og er, litt involvert i Rock 'N LoL på Søfteland, kontakta eg trommisen i Fjorden Baby! med spørsmål om vi kunne få laga ein uoffisiell video til låta deira, fortel Hjatholm Knudsen.

Have fun!

«Halloen! Kanon greier det her, bare kjør dokkar opp. Have fun! FjordenLove» var det klare svaret frå musikerane.

Sidan Hjartholm Knudsen kom med ideen blei han og plukka ut til å vera prosjektleiar og regissør for filmen. Med seg fekk han Knut Van der Hart Gjerde som produsent, Leander Håvik på foto/lys/grading, Theodor Drønen som klippar og Miriam Lothe Søraas som produksjonsdesignar.

- Leander, spesielt, gjorde ein sinnsykt bra jobb på foto, skryt den unge regissøren.

Blei offisiell

Når guta i Fjorden Baby! fekk sjå det endeleg produktet var tilbakemeldinga krystallklar.

- Denne vil vi ha som offisiell video, var tilbakemeldingane frå bandet.

Om du vil sjå videoen finn du her på YouTube.

Spelte inn på Mobergslio

Målet med musikkvideoen var å fortelje ei historie om desillusjonerte pleiarar som stiller spørsmål og pasientar som tek oppgjer med seg sjølve.

- Vi bestemte oss tidleg at vi ville fortelje ei historie i staden for å ha ein preformance-del blanda med meiningslause bileter slik ein ofte ser i musikkvideoar.

- Det gjorde òg at vi kunne skyta filmen uten at Fjorden Baby! trengde stilla, forklarar Hjartholm Knudsen.

«Feira» den første psykiatriske institusjonen

Ein liten kuriositet i samband med innspelinga var at på veg til Mobergslio høyrde Hjartholm Knudsen at det den dagen var 236 år sidan den første psykiatriske institusjonen i Noreg blei opna.

- Slik blei det til at «feira» bursdagen for psykiatriske institusjonar med å spele inn videoen, fortel Hjartholm Knudsen.

Utescenene blei spelt inn på festningen på Koengen i Bergen.

- Du må få med at fleire av skodespelarane òg er frå Os, seier Hjartholm Knudsen som håpar han kan få vise videoen i samband med filmfestivalen 60°N i april.

Dei tre skodespelarane frå Os var Even Hjertaas, Håvard Nyhagen Henriksen og Eirik Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.