Lokal | 03. okt. 2014

Osing blir kalla nei-general

Omdømmeekspert meiner sosiale media var viktig for Høyre sitt nei til OL. Den største motstanden på facebook blei leia av Sondre O. Haug frå Søfteland.

Osing blir kalla nei-general
Sondre O. Haug (innfelt) frå Søfteland si facebookside har blitt viktig for nei-sida i OL-spørsmålet. (Skjermskot/privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. okt. 2014 10:27

Sondre Opsal Haug var 19 år gamal då han i 2011 oppretta facebooksida Nei til Oslo-OL i 2022.

Før Høyre onsdag sa nei til å støtta søknad om OL i Oslo hadde Sondre si facebookside over 80.000 følgjarar.

«Folkets nei-general» blir han kalla av Aftenposten.no.

– Nei-sida blei voldsomt synleg på nettet, noko Høyre blei nøydd til å ta stilling til, seier omdømmeekspert Jarle Aabø til abcnyhetene.no.

Til Midtsiden forklarer Sondre Haug kvifor han trur at nettopp hans side fekk så stor oppslutnad.

– Faktabasert og sakleg

Han har førebels ikkje vore aktiv for noko politisk parti, men har tidlegare vist samfunnsengasjement med aktivt medlemskap i den rus-politiske ungdomsorganisasjonen Juvente.

– Det var dobbeltmoralen i OL-spørsmålet som først provoserte meg. Vi sa nei til å søka i 2018 og vi sa nei til Tromsø, plutseleg skulle Oslo 2022 vera aktuell. Samtidig blei det lytta lite til grasrota og dei som blei sendt for å representera breiddeidretten såg ut til å vera handplukka ut frå kva haldning dei i utgangspunktet hadde, fortel Haug.

Facebooksida blei først starta «på gøy». Men den tok tidleg form som eit seriøst forum.

– Eg trur det er det som gjer at oppslutnaden har vore så god. Feilen mange gjer når dei startar ei facebookside med meiningsinnhald er at den blir prega av usaklege argument.

– Vi har informert om fakta og delt innhald som har vore faktabasert, ikkje alt mogleg anna.

Svikt og svake ja-argument

Haug meiner Ja-sida og OL-etaten har gjort ein dårleg jobb.

– OL-etaten har utelukkande servert ja-argument og framstått som lite kritiske og nøytrale. Det blir komisk når Eli Grimsby frå OL-etaten seier at ho er glad for at VG publiserte dei horrible krava frå IOC. Ho har jo visst om desse krava sjølv, i lang tid, utan å fortelja om dei. Korleis kan ho då vera glad?

Når vi ber Haug nemna ja-sida sine beste argument nemner han det frivillige Noreg og inspirasjon for yngre idrettsutøvarar.

– Men dette er også veldig svake argument. Du kan få mykje inspirerande ut frå den prisen eit OL har. Å arrangera EM og VM i ulike idrettar er gode eksempel, å gje statsstøtte til andre gode, norske idrettsarrangement er eit anna.

– Kva med utbygging av anlegg for framtidig bruk i og rundt hovudstaden?

– Også her har vi kome med mange faktaopplysingar. Du får mykje meir anlegg utan OL. Eitt eksempel er ishall, der vi til OL ville måtta bygga ein hall til 800 millionar kroner, som kanskje ville vore både for stor og ugunstig plassert i forhold til seinare bruk, kostar DNB Arena i Stavanger 250 millionar kroner. Du kan fint bygga ishall til 50 millionar òg, tenk kor mykje idrett du får for pengane ved berre å bruka ein brøkdel av det eit OL kostar.

– Det er dessutan berre 6-7 prosent av kostnaden ved eit OL som går til utbygging av anlegg.

Håper IOC tar affære

Sondre har jobba med facebooksida, som dei siste vekene har fått opp mot 2000 nye følgjarar for dagen, parallelt med at han har tatt fagprøve.

Som nyutdanna avioniker bur han i Bergen og jobbar med elektronikk om bord i fly og helikopter.

– Kva trur du skjer i kjølevatnet av Oslo sitt nei? Kan dette bli starten på slutten for IOC?

– Eg håper dei tar affære og at dei byrjar med sin eigen organisasjon. Sånn det er i dag er det nesten berre diktatur igjen som vil søkja om OL. Sverige og Finland søkjer ikkje, men satsar tungt på idrett. Tyskland har ikkje søkt om OL på mange år.

– Eg er glad Noreg sa nei og eg håper det får noko å bety for framtida til OL, seier Sondre Opsal Haug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.