Sport | 16. aug. 2018

Osing skaper diskusjon i Liverpool

Everton-fansen harselerer med Robert Hatlem sin strikka Liverpool-genser.

Osing skaper diskusjon i Liverpool
Søndag såg han Liverpool slå West Ham, heime i Os oppdaga han at byrivalen Everton sine fans gjorde narr av han på Facebook. (Privat foto/Everton FC 1878)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. aug. 2018 07:15

Bildeserie:

Årets tur til Anfield blei saman med dottera Nathalie (12). (Privat foto)
Årets tur til Anfield blei saman med dottera Nathalie (12). (Privat foto)
1 av 1
Årets tur til Anfield blei saman med dottera Nathalie (12). (Privat foto)

Søndag var Robert Hatlem frå Os på Anfield og såg Liverpool slå West Ham 4-0.

– Det plar bli éin tur i året, dette var vel åttande gong. Det er fantastisk kjekt å vera der, synest Robert.

I år hadde han med seg eldstejenta Nathalie (12), neste år blir det søstera sin tur.

Utanfor Anfield blei han fotografert av ein journalist som sa han var frå Daily Mail. Bildet har hamna på ei supporterside for byrivalen Everton.

«Must be Norwegian»

Facebook-sida Everton FC 1878 er ikkje klubben si offisielle side, men ein stor fanside med over 46.500 følgjarar.

Der la dei ut bildet av Robert med teksten: «Only at Anfield describe this tool in a few words».

«Tool» er slang for «fool», ein mindre smart person som blir brukt av andre.

– Liverpool har mange norske fans. Eg trur Everton bruker dette som eit stikk til rivalen, og påstår at dei ikkje har så mange supporterar i heimbyen.

Under bildet følgjer fleire spydige kommentarar:

«Typical Liverpudlian», «Knit one, pearl one ...», «The joke that keeps on giving» og «Must be from Norway he’s got his Christmas jumper on».

Andre tar Robert i forsvar:

«More interested in his own team than others. You could learn something from him», «A fan going to watch his team. Stop with the Liverpool posts and stick to it being an Everton page» og «They win 4-0 while we have a draw. Insulting them make me look like a looser».

Dagen før hadde Everton spelt 2-2 mot Wolves.

Tar det med eit smil

Sjølv oppdaga ikkje Robert publiseringa av bildet før ein kamerat tipsa han.

– Genseren har mor strikka til meg. Ho fekk oppskrifta av nokre andre frå Os som har tilsvarande. Supporterutstyr høyrer med, og det er kjekt å ha noko som ikkje så mange andre har.

Osingen har sjølv kommentert under bildet, der han skriv at han synest det er stas å bli posta på Everton si side, og ønskjer dei lykke til med sesongen.

– Eg synest berre det er morosamt! Men om den fotografen var frå Everton, at ein Everton-supporter går rundt på Anfield og tar bilder, er det jo berre trist, seier Robert til Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.