Lokal | 12. des. 2012

Osing utdanna som polygraf

Du kan berre gløyma å lyga til Ørjan Hesjedal.

Osing utdanna som polygraf
Ørjan Hesjedal ser kanskje snill ut, men når han har kopla deg opp til løgndetektoren bør du snakka sant. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. des. 2012 10:13

Polygraf, eller løgndetektor, som apparata ofte blir kalla, har til no vore lite i bruk i Noreg. Men på amerikanske filmar og tv-seriar dukkar dei opp av og til, med mistenkte kopla til instrument som måler puls, blodtrykk og pust medan dei blir spurd ein serie spørsmål.

– Ein høgsterettsdom frå 1996 avgjorde at polygraf ikkje kan brukast som bevis i retten. I enkelte land og i nokre statar i USA kan testresultat frå polygraf brukast som bevis, men uavhengig av om du kan bruka testresultata i retten kan den ha si nytte.

– Du kan tru og føla kor mykje du vil om kva som er sant av det folk fortel til deg, men dette er det nærmaste du kjem bevis, og resultatet er temmeleg sikkert, seier Ørjan Hesjedal (39) frå Søre Øyane i Os.

I sommar tok han polygraf-utdanninga, sidan har det blitt oppdrag av ulik karakter.

– Eg har blant anna blitt kontakta av folk som vil bli testa for å bevisa at ekteskapen deira ikkje er proforma, i høve ei utlendingssak, og eg har testa syklist Mads Kaggestad for NRK, fortel Hesjedal.

Innslaget på NRK kan du sjå på NRK.no.

I førre veke kunne du sjå Ørjan på trykk i Vi Menn, som kjørte ei sak om julbeord og utroskap.

– Om ikkje du kan bruka testresultatet i retten kan det ha nytte om du vil bevisa at du er uskyldig i ei sak, det kan brukast til bakgrunnssjekk og det kunne - om politiet ville - ha blitt brukt i etterforsking, for eksempel for å finna bevis, eit ransutbytte, eit våpen eller andre involverte i ei straffesak.

Åtte intensive veker

Bakgrunnen for at Hesjedal tok utdanninga er personleg interesse for dette med løgndetektorar.

– Det har fenga meg lenge og i vår bestemte eg meg for å læra meir om dette.

Hesjedal gjorde ei rekke undersøkingar før han fann ut kva type polygraf-utdanning han ville ta. Denne er det berre to amerikanske privatskular som utfører og i sommar heldt ein av dei, The Academy for Scientific Investigative Training, kurs i Sør Afrika.

– Eg meldte meg på og klarte eksamen, etter åtte intensive veker med opplæring i historie, psykologi, fysiologi, metodikk, instrumentbruk og analyse.

– Nesten alle kursdeltakarane hadde fartstid i bruk av instrumentet, folk som har utført testar for politiet eller forsvaret i USA, eller i private etterforskingsbyrå. Hadde det ikkje vore for at eg har lese om dette i seks år, både bøker og fagartiklar, ville eg nok aldri ha klart eksamen, trur Ørjan.

99,4 prosent sikker

Noko utdanninga også gjekk grundig innom var "counter-measures", det å ta testen på nokon som har trening i å lura polygrafen og manipulera resultatet.

– Ein med lang trening i å manipulera slike testar kan kanskje klara å setja ein fersk polygraf ut av spel, men elles kan du berre gløyma å lura testen. Den er 99,4 prosent sikker, den sikraste metoden som finnest til no.

Hesjedal måtte sjølv gjennom løgndetektoren før han fekk ta utdanninga. Arrangørane ville sikra seg at han ikkje hadde feile motiv.

– Etikk og moral er viktig, det var også del av kurset. Vi blir også kontrollert i ettertid, testane våre blir sendt sentralt til verifisering og vi må ta ny eksamen annakvart år.

Måler "alt"

Ti personar deltok på kurset og Hesjedal var blant dei åtte som besto. Så investerte han i utstyr, noko han måtte ha godkjenning frå amerikanske styresmakter for å importera.

– Deltakaren sit på ei matte, som måler rørsler. Vedkomande har også på seg følarar som måler blodtrykk, puls, blodgjennomstrømming, pust og sveitte.

Men like viktig er metoden. Og den er gjerne ikkje heilt sånn som du ser på film, med stressande og vanskelege spørsmål som kjem brått på.

– Deltakar må vera med på testen av fri vilje. Deltakarane får også høyra alle spørsmåla på førehand, og vi diskuterer gjerne spørsmål så det ikkje er tvil om kva eg spør om når testen er i gang.

Sit du i ein test kan du berre svara ja eller nei på spørsmåla, og du kan ikkje småprata eller spørja kva intervjuaren meiner eller liknande. Spørsmåla blir stilt fleire gongar, i ulik rekkefølgje. Polygrafen måler alle reaksjonane dine, frå pust og rørsler til puls, blodtrykk, blosgjennomstrøyming og handsveitte.

– Det blir, kanskje litt likt som i film, stilt både kontrollspørsmål og vesentlege spørsmål, spørsmål som er lette å svara ærleg på og spørsmål som kan vera vanskelegare, i alle fall om du har noko å skjula.

Testen blir kjørt, avhengig av type og karakter, lenge nok og på ein måte som gjer at avvik og usikkerhet blir tatt høgde for med god margin.

– Men vil ikkje ein person vera stressa uansett, berre ved det å sitja i ein sånn test?

– Jau, men det er stor forskjell på å gå ned eit skummelt smug og det å få ein trugande person med våpen imot seg. Dine fysiske reaksjonar på litt stress skil seg ikkje ut på same måte som om du blir utsett for ein direkte trussel.

– Korleis vil du bruka kunnskapen din og utstyret du ha investert i?

– Eg gjorde ikkje dette for å ha det som levebrød, men kanskje som ei biinntekt, seier den ferske polygrafen, som elles har jobba mest innan sal og eigedom.

– Det er aukande grad av bruk av polygraf ute i verda, både i det offentlege og i firma og mellom private. Kanskje kan trenden også koma til Noreg med åra, seier Ørjan Hesjedal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.