Lokal | 24. sep. 2011

Osing vann 92 millionar

Ein osing i 20-åra vann i natt 92 millioner i nettcasino.

Osing vann 92 millionar
Andris Hamrelørdag 24. sep. 2011 15:24

Han ville berre ha litt tidsfordriv etter kinobesøk, den unge studenten som i natt vann 92.392.700 kroner i Mega Fortune på Betsson.

Guten, som er i 20-åra, er frå Os.

- Eg trudde ikkje det var sant, seier guten, ifølgje ei pressemelding frå Betsson.

Vinnaren, som ønskjer å vera anonym, seier han har ingen konkrete planer for kva han skal bruka pengar på når han no får 92 millionar kroner å rutta med.

- Det er heilt utruleg. Eg kunne ikkje tru det og måtte ringa bror min og nokre kameratar.

- Eg sovna klokka 6 og vakna igjen klokka 7. Det er umogleg å sova.

- Akkurat no skjelv og svettar eg. Derfor skal eg ta det med ro med pengane førebels, seier han til Betsson.

Gratis lodd

Han hadde vore på kino og tok med seg PC-en inn på soverommet. Der oppdaga han at han hadde fått nokre gratis spinn på nettspelet.

- Normalt speler eg på oddsen, men eg hadde jo fått med meg kjempejackpotten og tenkte eg skulle testa ut gratis-spinsa som litt tidsfordriv.

Det blei ei sjokkartande oppleving for ungguten.

- Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd eg skulle vinna 92 millionar, men det skjedde og eg er sjeleglad, seier den unge mangemillionæren.

Han har takka ja til økonomisk rådgjeving.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.