Kultur | 23. juni 2018

Osing vann i SuperLotto

– Vi skal på husvising i neste veke, dette passa perfekt, seier kvinna.

Osing vann i SuperLotto
Norsk Tipping har i kveld sete og ringt rundt til 34 vinnarar i 14 ulike fylke. (Foto: Norsk Tipping)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. juni 2018 21:50

På sankhans var det trekning i SuperLotto, der 34 tipparar blei trekte ut til å vinna éin million kroner kvar.

Tre av vinnarane er frå Hordaland, blant dei ei kvinne frå Os.

– Tullar du? No griner eg her, sa Helene Nydal Amundsen (42) til Norsk Tipping då dei ringte laurdag kveld.

Ho fortalde vidare at ho i neste veke skal på vising, og at ein million ekstra kroner passar ho og familien perfekt.

Dermed er det minst éin bodrunde i Os som kan koma til å gå eit stykke ekstra i veka som kjem.

Kupongen var levert via mobiltelefon i slutten av mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.