Lokal | 27. juni 2018

Osingane har 111,5 millionar tilgode

No kjem skattepengane. 9845 osingar har i snitt 11.327 tilgode.

Osingane har 111,5 millionar tilgode
Svein Arne Lindebjerg er seksjonssjef i Skatteetaten (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 27. juni 2018 06:13

Skatteoppgjeret er for dei fleste av oss klare i dag. Osingane har i løpet av 2017 betalt heile 1 490,6 millionar i forskudd. Av dei vel 12.000 skattepliktige som omfattast av oppgjeret er det 9845 som får pengar igjen på skatten. I snitt får dei 11.327 kroner att frå skatteetaten. 2252 osingar har framleis skatt å betala. I snitt får desse 18.236 kroner i restskatt.

Du får varsel

På landsbasis får over 4 millionar lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret i dag. I Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland får 563 315 skattytarar til saman 6,7 milliardar igjen på skatten, medan 116 160 totalt må betale 2,1 milliardar i restskatt.

− Vi varslar deg på e-post eller SMS når skatteoppgjeret ditt er klart. Har du pengar til gode, er dei på konto innan tre veker frå du har fått melding frå oss. Men dei aller fleste får pengane utbetalt på oppgjersdatoen, seier Svein Arne Lindebjerg, seksjonssjef i Skatteetaten i ei pressemelding.

Viss du må betale restskatt, får du faktura elektronisk eller i posten. Får du skatteoppgjeret ditt i dag, er innbetalingsfristen 20. august. Er restskatten på over tusen kroner, blir beløpet delt på to terminar, med andre termin 24. september.

Ikkje alle får skatteoppgjeret no

For dei som ikkje får skatteoppgjeret 27. juni, er det løpande oppgjer mellom 15. august og 24. oktober.

− Det gjeld mellom anna næringsdrivande og ektefellene deira, og lønnstakarar og pensjonistar som har levert på papir, forklarar Lindebjerg.

Noko som ikkje stemmer?

Er det noko som er feil eller du har nye opplysningar som skulle vore med i skattemeldinga di, skal du no i dei fleste tilfelle endre dette sjølv ved å levere den på nytt. Endringa kom med ny skatteforvaltingslov i 2017.

− Du kan gjere endringar i skattemeldinga di opptil tre år etter leveringsfristen, og det er raskare og enklare både for deg og for oss, seier Lindebjerg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.