Næringsliv | 14. feb. 2011

Osingar har overtatt

I januar blei østersanlegget på Innerøya selt. Kjøparane er to barndomskameratar frå Os.

Osingar har overtatt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. feb. 2011 20:22

I haust blei østersanlegget i Storestraumen på Innerøya lagt ut for sal, i slutten av januar skifta anlegget eigar.

Kjøparane viser seg å vera to kameratar frå Os med lang fartstid i skjergarden rundt Innerøya.

- «Endeleg har du kjøpt anlegget», seier kameratar av meg. Det er som ein barndomsdraum som går i oppfylling, seier Arne Halhjem.

Det er selskapet Storestraumen Østers AS som har kjøpt anlegget. Selskapet er eigd av Arne Halhjem og Kåre Johannes Lunde.

- Eg og Kåre har vore kameratar sidan vi var ungar, og vi har begge eit forhold til både anlegget og skjergarden rundt. Sjølv vurderte eg å kjøpa sist det var for sal, men då var eg for sein på avtrekkaren, seier Halhjem.

Har knytt kontaktar
Kåre Lunde har bakgrunn som frisør, eig Lundehjørnet Frisør og Parfymeri og ein del eigedomar, blant anna på Ramsholmen, som ligg nær Innerøya.

Arne Halhjem jobbar som kaptein for Tide på den eine flaggruta mellom Bergen og Stavanger.

- Eg tok nokre vekttal i marinbiologi då eg midt på 80-talet gjekk på skule på Austevoll. Vi satsar på stor eigeninnsats, men har også knytt kontaktar. Vi har folk i ryggen, fagfolk med både kunnskap og forhandlarnett, fortel Halhjem.

Kan dyrka 500.000 østers
Halhjem og Lunde valte å starta eige selskap, i staden for å overta selskapet som sidan 2004 har eigd anlegget, Inderøens Østersanlegg AS.

Eigedomen er på 1,2 mål, har tre eldre bygningar og tinglyst rett til å disponera 100 mål av Innerpollen og 10 mål av Ytterpollen (utanfor slusa). Den sto for sal for 1,5 millionar kroner. Kva kjøpesummen blei er ukjent.

Storestraumen Østers AS har overtatt konsesjon på 500.000 østers i året.

Østersen som blir dyrka i Storestraumen, europeisk flatøsters, er meir sjeldan og blir selt til høgare pris enn den meir vanlege, men framande arten stillehavsøsters.

Startar med å rydda
No til våren startar ryddearbeidet på anlegget, så skal sjølve østersstamma kartleggast og dyrkast vidare i gradvis aukande skala.

- Det står ein del østers i anlegget, men kor mange det er, og kor mange det er i ulike storleikar og alder, er uvisst.

Lunde driv ikkje lenger aktivt som frisør og Halhjem har turnusordning som gjer at han har fri 31 veker i året.

- No gler vi oss til å ta tak i dette, til å få orden på eigedomen, få oversikt over anlegget og få system på produksjonen igjen, seier Arne Halhjem.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.