Enja og Iris Vangdal Aamaas leverte gode resultat under NM i freestyle og slow i Oslo i helga. (Foto: privat)

Osingar med flotte plasseringar i NM

Dans: Noregsmeisterskapen i freestyle og slow.

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I helga vart det arrangert NM i freestyle og slow i Opsal arena i Oslo.

Blant deltakarane var det fleire osingar, og desse var med å prega resultatlistene: 

Kristin Balland tok førsteplass i «champ u/16», førsteplass i «champ freestyle u/16» og andreplass i «grandprix u/16».

Enja og Iris Vangdal Aamaas konkurrerte i «litt øvet u/12».

Enja tok førsteplassen i «Plass slow», og andreplassen i «freestyle».

Iris sikra seg andreplassen i  «slow».

Saman sikra Enja og Iris seg andreplass i «trio», fjerdeplass i «slow dobbel» og sjetteplass i «freestyle dobbel».

Lilli Røren var med i klassen u/11 og leverte ein super prestasjon. I denne gruppa vann alle.

Fleire saker