Lokal | 21. juli 2013

Osingar med i Tall Ships Race

Fleire osingar mønstrar på Statsraad Lehmkuhl for å forsvara leiinga i Tall Ships Race. – Eg trur det blir ein minnerik tur, seier Daniel Gjerdevik.

Osingar med i Tall Ships Race
Statsraad Lehmkuhl, her på Bjørnefjorden, deltek i Tall Ships Race med fleire osingar som mannskap (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 21. juli 2013 08:49

Seilskipet Statsraad Lehmkuhl deltek denne sommaren på Tall Ships Race, som går i Østersjøen. På første etappa frå Aarhus i Danmark til Helsinki i Finland var skipet raskast i si klasse og leiar løpet.

Neste, og siste etappe, går frå Riga i Latvia til Stettin i Polen. Då med to osingar som mannskap.

– Det var litt tilfeldig.

– Eg såg på facebook at dei opna for å ha med medseglarar på turen, så eg sendte ein e-post kor eg fortalde litt om meg sjølv og sa eg hadde lyst.

– Berre eit par dagar seinare fekk eg svar at eg var velkommen ombord, fortel Daniel Gjerdevik då Midtsiden møter han heime på Os berre dagar før avreise til Riga.

Fire osingar som mannskap

Gjerdevik fortel at han ikkje er den einaste osingen som skal sigla med den stolte skuta i sommar.

– Nils Ove Rise, som rett nok er fusing, er med frå Helsinki til Riga og mønstrar av der.

– Når han mønstar av så går eg og Kjartan Mikal Nytun opp landgangen.

– I Svendborg i Danmark får vi følgje av Kristoffer Drange som blir med på siglasen frå Danmark heim til Bergen, fortel den ferske seglaren.

Har aldri sigla

Daniel, er som osingar flest, vakse opp i båt om sommarane.

– Familien har alltid vore på båttur i sommarferiane, men dette blir ei heilt ny oppleving.

– Eg er sjøvant, men har stort sett vore i motorbåt. Det skal bli spennande å setje segl, fortel ein entusiastisk Daniel.

Til Shetland i storm

Heilt ukjend med Statsraaden er Daniel ikkje.

– I 10. klasse på ungdomsskulen hadde vi skuletur med Statsraaden frå Bergen til Shetland.

– Det var ein tøff tur, med høge bølger og full storm.

– Eg håpar vi får ein rolegare tur denne gongen, smiler han, før han legg til at om det bles opp så uroar ikkje det.

– Statsraaden liker mykje sjø og vinn, så eg reknar med at kapteinen vil setja kurs ut frå kor det bles mest.

Fire på, åtte av

Seglasen er siste tokt for elevane ved sjøforsvaret sin befalsskule og er såleis ei øving for befalsstudentane.

Daniel reknar med at det blir lange dager og tøffe tak.

– Vi har fått vita at vi blir delt opp i tre lag som rullerar på vakter. Fire timer på og åtte av er det vi har fått melding om.

– Då skal vi bemanna fire faste postar som rormann, utkikk, bøyevakt og brannvakt.

Ikkje berre slit

Allereie sundag reiser han til Riga saman med medseglar Kjartan Mikael Nytun.

– Vi skal ha ei veke ferie i Riga før vi mønstar på.

– 27. kjem Statsraaden til Riga og 29. seglar vi vidare i retning Stettin.

– Dit skal vi etter planen koma 2. august og bli liggande i nokre dager, så eg reknar med at det blir mogleg å koma seg ein tur i land før turen går vidare til Bergen via Danmark, avslutter Daniel.

Heim til Bergen kjem Statsraad Lehmkuhl etter planen 14. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.