Sport | 12. juli 2010

Oslo - Os til fots

I dag startar Liv Røttingen og ektemannen Gaute Løge Pedersen ein lang gåtur mot ein kort ferie i heimbygda til Liv.

Oslo - Os til fots
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. juli 2010 07:12

Klokka 8 måndag morgon starta Liv og Gaute på det som skal bli ein 18 dagar lang gåtur frå Oslo til Os.

- Vi har lagt inn éin pausedag og har som mål å vera ferdig med dei rundt 50 mila fredag 30. juli, seier Liv Røttingen til Midtsiden.no.

Erfarne turgåarar
Ekteparet har ikkje tapt eit veddemål, gåturen mellom Oslo og Os er rett og slett berre ein idé det turglade ekteparet fekk for halvanna år sidan.

- Vi liker godt å gå på tur, spesielt fjellturar, og har vore både i Jotunheimen, i Sør Amerika og i Nepal.

- Dette blir den lengste turen vi har gått, i distanse, men i Nepal var vi samanhengande tre veker på tur, og gjorde unna ein del høgdemeter, så det er ikkje sikkert at dette blir så mykje hardare. Så lenge vi styrer unna gnagsår så skal det nok gå bra.

Lett sekk
Etter at ideen om å gå til Os og Søre Øyane, der Liv kjem frå, dukka opp, gjekk det ikkje lang tid før dei kjøpte kart og sjekka potensielle ruter.

- Overnattingsstadar og plassar der det er mogleg å kjøpa mat var også viktig å merka seg, vi har ikkje planar om å bera meir proviant enn til 1,5 døgn med oss.

Mesteparten av turen går utanom vegane som er normale å kjøra på mellom Oslo og Os.

- Eg trur turen blir ei flott naturoppleving, det er mange fine område mellom Austlandet og Vestlandet.

Ferjefri vandring
Liv har ikkje budd i Os sidan 1982. Den lange gåturen starta i dag ved bustaden deira på Skøyen og første etappe går via Sørkedalen til Nordmarka, der dei vil overnatta anten i telt eller i ei av turistforeininga sine hytter.

- Vi går vidare forbi Hønefoss, over Hardangervidda til Finse, på Rallarvegen og vidare til Mjølfjell og Voss og via Samnanger til Os. Heile turen er ferjefri og elles fri for bruk av transportmidlar.

Ei veke med ferie
Dei fleste nettene blir på hytter og fjellstover, men dei har også med seg telt.

- Når vi kjem til Dagali tar vi to nette på ei fjellstove. Då har vi nokre lange etappar og ei teltovernatting bak oss, så då er det nok tid for ein kviledag.

Heime i Øyane blir det ei veke med ferie.

- Det er ein del som har spurt om vi skal gå heim igjen òg, men det skal vi ikkje, forsikrar Liv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.