Leiar i Os sentrumsforening, Jeanett Borgen Kallekleiv, og Svein Hausberg frå Os Turn friidrett. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Osløpet får ny distanse

I år kan du delta i 3 kilometer i staden for 6,5 km, om du vil.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 2017 gjenoppsto Osløpet. Os Sentrumsforening er arrangør, Os Turn friidrett står for gjennomføringa.

Løpet, som inkluderer barneløp, stafett og hovudløp på 6,5 kilometer, blei populært.

I finvêret i 2017 var det 266 deltakarar, i meir grått og vått vêr i fjor var det nesten like mange, 255 deltakarar.

Årets versjon av Osløpet blir arrangert laurdag 24. august - i år med ny distanse.

– Fleire har spurd om kortare løype

I dag møtte nyleg påtroppa leiar for Os Sentrumsforening, Jeanett Borgen Kallekleiv, to av leiarane for friidrettssgruppa i Os Turn, Åge Gulbrandsøy og Svein Hausberg.

– Osløpet og Bondens Dag kjem rett etter kvarandre, eg gler meg veldig til desse første arrangementa i sentrum, seier Jeanett, som byrja i jobben i forgårs.

Dei opna for påmelding til årets løp, samtidig er ny distanse på programmet.

– Vi har fått nokre spørsmål om ikkje vi kan tilby noko for dei som synest 6,5 km er for langt, og som ikkje er del av eit stafettlag, derfor har vi no sett opp ei løype på 3 km, fortel Svein Hausberg.

Deltakarane på 3 km får tidtaking, men inga rangering. Løypa har start i sentrum, som dei andre, men går ut Brugata og vidare i siste del av 6,5 km-løypa.

Sjå løypekart i bildeserien over.

– Vi har planlagt start litt etter 6,5 km sånn at nokre av deltakarane på 3 km kjem i mål saman med dei som deltar i den lange løypa.

Online påmelding fram til dagen før

Arrangørane håper flest mogleg melder seg på via internett.

– Rundt 80 prosent av deltakarane gjorde dette i fjor, det lettar arbeidet vårt før start på laurdagen.

Her er starttidene:
12:00 - Barneløp (520 meter, opptil 12 år)
13:15 - Stafett (5 x ca 300 meter)
14:00 - Osløpet (6,5km)
14:15 - Osløpet kort løype (3,5km)

Vinnarane (6,5 km) i 2017:
Geir Storetvedt Skaten (Gular) 24:24 (løyperekord)
Solveig Sandvik Tveiten 27:50 (løyperekord)

Vinnarane (6,5 km) i 2018:
Stian Bråten Johannessen 25:09
Cecilie Hagen 29:00

• Omtale og bildeserie frå 2017 og 2018.

Deltakarar, 2018 (og 2017 i parantes)
Barneløpet 126 (140 i fjor)
Stafett 15 lag a 5 løparar: 75 (60)
Osløpet 6,5 km: 54 deltakarar (66)

Barneløpet var delt i tre startar, 3-6 år (48 deltakarar, 7-9 år (45) og 10-12 år (33).

Fleire saker