Nora Hanken gratulerer kusina Tirl Lande (3) med gjennomført løp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Osløpet har blitt det vi håpte på

Utvida bildeserie: Os Turn friidrett er overvelda over responsen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

 Laurdag blei Osløpet arrangert for andre år på rad etter comebacket i fjor.

– Vi starta marknadsføringa den siste veka, vêret var dårleg og løpet hadde ikkje same «nyhendeverdi» som då vi etter minst 14 år fekk Osløpet i gang igjen.

– Likevel klarte vi nesten å tangera fjoråret, seier Åge Gulbrandsøy frå Os Turn friidrett om deltakartalet på 255, mot 266 i 2017.

• Les òg: Stian og Cecilie vann Osløpet 2018

• Sjå komplett resultatliste på eqtiming.no

– Ein god tradisjon å etablera

Arrangørane stadfestar at det blir Osløpet neste år òg, og gler seg både over deltakartalet og at så mange foreldre tar ungane med på løp.

– Løping er bra anten du driv med friidrett, andre idrettar eller berre mosjonerer for deg sjølv. Å delta på lokale arrangement er dessutan sosialt og med på å skapa grobotn for positive tiltak.

Ein av dei yngste som deltok var Tiril Lande (3) frå Lyngdal. Ho sprang saman med kusina frå Os, Nora Hanken, som sto klar med high five ved målgang.

Raskaste av dei yngste (3-6 år), Jonas Øvredal Erdal (6), driv med både fotball og løping.

– Løypa var passeleg, synest Jonas.

I mellomste klasse i barneløpet var kameratane Ulrik Boge-Thorsvik og Oliver Pettersen raskast, i eldste klasse kom Jakob Austevoll Harlem i mål rett før Tias Færøy og Håvard Lunde.

– To svømmarar først i mål! jubla pappa Thomas Harlem.

– Eg speler fotball, eg svømmer berre av og til, parerte Jakob, veslebror til den beste svømmaren på Vestlandet, Emil Austevoll Harlem.

Raskaste jente i eldste klasse var Martine Heggland Sælen.

Mange mosjonistar

Arrangørane synest det er kjekt å sjå at vaksne mosjonistar spring side om side med aktive løparar, både på hovudløpet (6,5 km) og, ikkje minst, på stafetten (5 x 300 m).

– I hovudløpet hadde vi ein ankermann som følgde etter dei som låg sist, både av tryggleiksomsyn, i tilfelle nokon skulle få problem, men òg som motivator. Her gjorde Øystein Eikreim ein strålande jobb, har vi fått tilbakemeldingar på, seier Gulbrandsøy.

Lærarar, bedrifter og politiske parti kjempa mot kvarandre i den 3 x 500 meter lange stafettløypa.

– Eg har lært to ting av dette; det er mange gode løparar i Os, og 300 meter er veldig langt, sa ankermann Nils-Anders Nøttseter på MDG.

I fjor lagde han eit lag av opposisjonspartia, i år stilte MDG eige lag.

– Eg oppmoda også alle dei andre å stilla, heldigvis stilte Høyre òg.

– Eg er bygd for last, ikkje for fart, seier Høyre-leiar Susanne Sperrevik etter ein noko langsam førsteetappe.

Høyre hadde likevel nokre ess i ermet, og vann til slutt politikerduellen.

– Her har vi to parti som stiller opp på det som skjer også når det ikkje er valkamp, kommenterer Susanne.

Noko nytt

Dato for Osløpet 2019 er førebels ikkje bestemt.

– Nytt i år var blant anna tidtaking for alle, også dei yngste (utan rangering) og stafettlaga - og mellomtid for hovudløpet, noko som gjorde det mogleg å følgja delar av løpet online.

– Det er mogleg vi kjem med noko nytt neste år òg, seier Åge Gulbrandsøy frå Os Turn friidrett.

Fleire saker