Kultur | 03. sep. 2012

Osøren hjelper Moldova

Styret i Osøren Blues og Jazzfestival tok Hans Bjørn Bakketeig på senga då dei overrekte 10.000 kroner og annonserte støttekonsert 17. september.

Osøren hjelper Moldova
Ein rørt Hans Bjørn Bakketeig tok imot gåva på 10.000 kroner frå resten av styret i Osøren Blues og Jazzfestival (foto: Ingunn E. Bakketeig, OBJF)
Andris Hamremandag 03. sep. 2012 07:50

Hans Bjørn Bakketeig hjelp synshemma born gjennom organisasjonen Hjelp Moldova. Under haustbluesen fredag fekk han uventa hjelp frå venane i Osøren Blues og Jazzfestival (OBJF) då dei overrekte ein sjekk på 10.000 kroner til organisasjonen.

- Som økonomisjef i OBJF liker eg å ha kontroll, og ikkje å bli utsett for slike tiltak som gjer ein mållaus, sa en svært takknemleg Hans Bjørn, med tårer i augo.

- Vi har sett kor mykje Hans Bjørn gjer for born i Moldova og hadde lyst til å bidra. Difor tok vi eit styrevedtak utan at Hans Bjørn var der, og bestemte oss for å bidra med det desse pengane, fortel Tore Lekve, leiar i OBJF.

Støttekonsert med Wolf Mail

Gåvesjekken er ikkje det einaste blues- og jazzklubben vil bidra med til organisasjonen.

- Måndag 17. september arrangerer vi støttekonsert der alle inntektene i god blues-ånd skal gå til Hjelp Moldova.

- Då kjem australske Wolf Mail, ein skikkeleg hevyweight champion innan blues, til Peppes.

- Han har turnert i meir enn 20 år og er no på europaturné kor han mellom anna skal spela i Oslo og Sandnes i tillegg til Os.

- Han spurte faktisk om å få koma til Os for å spela og var ikkje i tvil då vi lurte på om han ville bidra på støttekonserten.

- Seinare i haust opnar han København bluesfestival. Det kjem til å bli litt av eit trøkk, sjølv om det er på ein måndag, lover Lekve, som håper osingane stiller mannsterke opp for å få med seg god blues og støtta ein god sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.