Kultur | 11. juli 2013

Osøren i tenkeboksen

I år såg vi Søfteland Rock N LOL for siste gong. No er det heller ikkje sikkert at det blir blues- og jazzfestival i Os i 2014.

Osøren i tenkeboksen
Frå ein av konsertane på Peppes under årets festival. (Foto: Karie Marie Austevoll Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. juli 2013 11:50

I år blei Søfteland Rock N LOL arrangert for 7. og siste gong. Helga før blei Osøren Blues & Jazzfestival arrangert for 15. år på rad.

Også Osøren-arrangørane kan koma til å kasta inn handkledet.

– Årets festival blei ein suksess på mange måtar. Teknisk sett var det den mest strømlinjeforma vi har hatt.

– Vêret var ganske bra, stemninga var fantastisk og vi hadde veldig mykje folk på dei fleste konsertane, seier Gunnar Nagell Dahl.

Gjekk med underskot

Arrangørane har tatt grov-oppsummeringa og festivalen ser ut til å ha gått med eit lite underskot.

– Det er ikkje noko problem i seg sjølv, for vi har pengar på bok etter tidlegare overskot.

– Men det kan legga ein dempar på neste år. Det er kjekt å ha litt å gå på når du planlegg ny festival.

Styremedlemmane skal samlast over ferien og drøfta 2014 og framtida til festivalen.

Meir pass og nye plassar?

Gunnar vil også sjå på dette med billettløysing og spelestadar.

– Eg trur vi bør endå meir over på dette med pass, at folk kan vandra fritt mellom spelestadar. Neste år er det ikkje symposium, så Vognhallen er ledig.

Fredag under årets festival var det svært lite folk på konsertane i Oseana.

– Skal vi halda fram i Oseana så vil vi ha ein anna samarbeidsplattform, at ikkje éin part tar risikoen medan den andre er garantert inntekter.

– Vi er i dag privatersonar som tar risikoen for arrangementet og garanterer for artistane vi bestiller.

– Vil prøva noko nytt

Nagell Dahl seier ingeting er avgjort og at det godt kan henda at det blir fleire festivalar framover.

– Men eg er ein av dei som, når eg engasjerer meg, vil skapa noko nytt frå år til år, gjera festivalen meir spennande både for oss arrangørar og publikum.

– Vidare drift avhenger også av at vi har folk som vil jobba med dette framover, dette er fritida vår så det må vera lystbetont arbeid, seier Gunnar Nagell Dahl.

Midtsiden samleside: Osøren Blues & Jazzfestival

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.