Kåre Lunde med ein europeisk flatøsters på rundt 30 gram, tjue gram frå å vera leveringsklar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kåre Lunde med ein europeisk flatøsters på rundt 30 gram, tjue gram frå å vera leveringsklar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Østersanlegget på Innerøya leverer

I drift sidan 1800-talet: Dei nye eigarane er på sitt tredje år med levering av flatøsters frå Os.

Kjetil Vasby Bruarøy
14. juli 2019 - 22:35

I desember 2016 var leveringsgodkjenninga på plass. Storestraumen Østers AS kunne levera første parti med østers frå Os på 15 år, fem år etter at selskapet overtok konsesjonen.

– Det første vi gjorde var å sjekka at det framleis var østers i anlegget. Viss ikkje det hadde vore østers her, så hadde vi mista konsesjonen, fortel Kåre Lunde.

Etter 2016 har anlegget halde fram med å levera. Konsesjonen er på 500.000 østers i året. Dei er førebels langt frå eit sånt volum (dette er europeisk flatøsters, ikkje den framande og enkelte stadar plagsame arten stillehavsøstersen).

– Ei typisk bestilling er 200 til 800 østers, gjerne på rundt 50 gram. Den største vi har funne i anlegget var 499 gram. Marknaden er god, vi kan levera omtrent kor ofte vi vil, og det hender at vi seier nei til bestillingar.

Selskapet har fått ny leverandør, Scalmarin AS på Rong, som dei er veldig nøgde med.

– Det er ikkje berre til å levera når mottaket vil ha. Det tar 3 til 5 år før ein østers er leveringsklar, og du skal òg ha nokon igjen her til å yngla. Det er dessutan mykje arbeid.

I drift sidan 1800-talet

Det er funne spor etter leveransar av europeisk flatøsters frå pøylo på Innerøya tilbake til 1887. Men då Magnus Røttingen, som dreiv anlegget frå 1950- til slutten av 90-talet, i 2002 gjekk bort, blei det brått stopp.

I 2004 fekk Inderøens Østersanlegg AS konsesjon for vidare drift, men det blei ikkje gjort noko med anlegget før osingane Arne Halhjem og Kåre Lunde kjøpte anlegget i 2011.

Kåre stifta selskapet og overtok anlegget saman med barndomskameraten Arne Halhjem i 2011. Dei kjenner området godt frå barndomen, men har brukt tid på både å rusta opp brygge og bygningar, og på å læra å røkta østersen i anlegget.

I mai 2013 fekk Midtsiden besøka østerskameratane og anlegget. I periodar har dei levert 15 østers i månaden til Nifes i Bergen (Nasjonalt institutt for Ernærings- og Sjømatforskning), og 2 x 15 østers i veka til NMBU Veterinærhøgskolen. Dessutan har naturlegvis Mattilsynet vore på besøk nokre gongar.

Flittig og tolmodig

Roa seinkar seg før du når pøylo, mens du glir på blikkstille vatn inn i sundet på Innerøya. Eigedomen er på 1,2 mål, har tre eldre bygningar og tinglyst rett til å disponera 100 mål av Innerpollen og 10 mål av Ytterpollen (utanfor slusa).

Det er desse blåsene og linene du møter først, utanfor slusa, for å fanga opp yngel som kjem seg ut av pøylo før slusa stenger om våren.

– Det er ein kunst å veta kor tid du skal stenga. Østersen skal ha passeleg grad av brakkvatn. Så stenger vi, og då aukar temperaturen. 20-22 gradar er visst passeleg, då kjem yngelen. Éin østers kan gi ein million yngel.

Då Midtsiden var på besøk 10. juli var temperaturen oppe i 19 gradar. Linene er ferdig reinsa for tang og sjøpølser og klare for at yngel skal festa seg.

– Det er tungt arbeid, og det tar mange timar. Det er ingen vits å reisa inn her for å jobba ei lita stund, du må nesten vera her heile dagen om du skal føla at du har fått gjort noko. Men vi trivst med å vera her.

Ny varegruppe

Kåre og Arne er ikkje så opptatt av at selskapet skal bli god butikk, men at anlegget skal vera i drift og at den ettertrakta østersen frå Os skal bli levert som kvalitetsvare.

– Nyleg omtalte Bergensavisen ein betre middag med lokale råvarer. Artikkelen blei avslutta med at det beste gjestane fekk servert den dagen var østers frå Os. Sånt er kjekt å lesa.

– Utanfor slusa heng det mest blåskjel. Men vi har mykje blåskjel inne òg, og vi har byrja å selja desse som tilleggsvare. Hadde vi fått selt sjøpølsene i tillegg, så hadde vi vore kvitt begge biprodukta.

Kåre seier at han faktisk har blitt spurd om å levera sjøpølser òg. Til Asia. To gongar. 

– Men fokuset er på den europeiske østersen. Vi leverer heile året gjennom, men akkurat no når slusa er stengt og ynglinga snart er i gang, vil vi ha litt ro på pøylo så yngelen får festa seg og veksa. Viheld auge med anleggetheile vegen, men det er helst frå oktober det er spennande. Då ser vi kor god åretsyngelsesong har vore, kor mange som har kome og kor godt dei har festa seg.