Næringsliv | 22. jan. 2011

Østerspollen er selt

I november blei Innerpollen lagt ut for sal. No har østersanlegget fått ny eigar.

Østerspollen er selt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. jan. 2011 08:11

Selskapet Inderøens Østersanlegg AS, som kjøpte anlegget i 2004 og fekk konsesjon for vidare drift, la i november eigedomen ut for sal for 1,5 millionar kroner.

Torsdag blei det notert på annonsen på Finn.no at eigedomen er selt.

- Det stemmer, eigedomen blei nettopp selt, stadfestar advokat Alexander Wiederstrøm frå Proaktiv Advokater.

Eigedomen er på 1,2 mål, har tre eldre bygningar og tinglyst rett til å disponera 100 mål av Innerpollen og 10 mål av Ytterpollen (utanfor slusa).

Vil driva vidare
Wiederstrøm vil ikkje ut med verken kjøpesum eller namn på kjøpar. Det vil heller ikkje seljar.

- Men eg kan fortelja at kjøparane vil driva østersoppdrett vidare. Eg har saman med eigedomsmeklarane vore på jakt etter nettopp det, det har vore viktig for oss, seier Hogne Bleie frå Inderøens Østersanlegg.

Sjølv jobbar han ved Atlantic Cod Farms på Stadlandet. Dei nye eigarane skal ha adresse noko nærmare østerspollen i Os kommune.

- Dei kjem frå Bergenshalvøya og eg er ganske sikker på at vi har funne dei rette folka til å driva anlegget vidare.

Kjøparane overtar eigedomen 9. februar.

Starta bra
Pollen på Innerøya, den store øya utanfor Halhjem og Haugland, har spesielt gode forhold for dyrking av europeisk flatøsters.

Det har den også vore brukt til mesteparten av tida dei siste 100 åra. Frå 50-talet til ein gong ut på 90-talet var det Magnus Røttingen som eigde og dreiv anlegget. Røttingen døydde i 2002.

Inderøens Østersanlegg hadde ambisjonar om meir enn østersdyrking, dei ville også driva marknadsføring av norsk sjømat i utlandet.

Dei hadde blant anna ein delegasjon med franske kokkar og fransk presse på piknik i området, noko som resulterte i omtale i magasinet til den kjente franske avisa La Tribune.

Så dabba det av
- Fleire av personane eg hadde med meg, medeigarar og samarbeidspartnarar, har flytta eller skifta bransje, sa Hogne Bleie då Midtsiden.no sommaren 2010 intervjua han om mangelen på aktivitet i området.

- No strekk dessverre ikkje tida til, men entusiasmen er der enno, la han til.

No skal han altså ha funne nye krefter som skal vera klare til å driva vidare.

Midtsiden.no jobbar vidare med å få kontakt med kjøpar, så vi kan koma tilbake med kva bakgunn dei har og korleis dei vil driva anlegget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.