Kultur | 03. juli 2018

– Ouææ, vi går nasjonalt!

Oseana sin formidlingsmodell «Friskunst» blir nasjonalt kulturhusprosjekt. Får to millionar for å vidareutvikle prosjektet.

– Ouææ, vi går nasjonalt!
Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg og leiar i Norske Kulturhus Nina Hodneland gler seg over at Friskunst no blir ei nasjonal satsing (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 03. juli 2018 07:36

I oktober 2013 presenterte ein stolt Oseanadirektør, Ole Tobias Lindeberg, nysatsinga Friskunst, eit formidlingsprogram retta mot skulane.

No gler ein like stolt direktør seg over at prosjektet no blir eit nasjonalt kulturhusprogram etter modellen frå Oseana, framleis støtta av Kavlifondet.

– Eit tett samarbeid mellom kulturhus, kommunal kulturskule og grunnskule har gjort Friskunst til ein suksess, seier Lindeberg.

Går nasjonalt

No blir programmet utvida til eit nasjonalt kulturhusprosjekt for formidling av kunst og kultur til grunnskuleelevar. Utvidinga blir gjort mogleg gjennom eit nytt samarbeid mellom Norske kulturhus og Kavlifondet.

– Kulturhuset skal vera eit hus for alle, uansett alder. Målet med Friskunst Nasjonal er at kulturhusa skal kunne presentere delar av sitt eksisterande innhald til skuleelevar, i tillegg til sitt ordinære publikum. Vi er utruleg glade for at Kavlifondet ser verdien av å gje barn fagkompetanse i kombinasjon med kunstneriske opplevingar, seier Nina Hodneland, dagleg leiar i Norske Kulturhus.

Spent på resultatet

Samarbeidet med Kavlifondet vil gje utvalde kulturhus moglegheiten til å gjennomføra 4-5 Friskunst-prosjekt i løpet av 2019-2020.

– Gjennom Friskunst har vi knytta det profesjonelle kulturlivet opp mot kunst- og kulturundervisninga i skulen. Elevene får ta del i kulturhuset sitt kunstneriske program, samstundes som kulturskulepedagogar utarbeider og gjennomfører eit grundig forprosjekt i utvalde klassetrinn i grunnskulen, alt i tråd med læreplanen.

– Vi er veldig spente på å sjå programmet utfolde seg på nasjonalt nivå, seier Lindeberg.

– Vi er glade for å kunne bidra til at enno fleire barn vil få nytte og glede av Friskunstmodellen. Kavlifondet har vore fødselshjelpar til utvikling av modellen, og med glede sett at prosjektet har blitt ein suksess. Noko av det viktigaste vi ønskjer med Kavlifondet si kulturstøtte er å gjera kulturopplevingar tilgjengeleg for fleire, og gje fleire moglegheiten til å skapa og utøva kultur. Friskunstmodellen er nettopp ein slik moglegheit. Vi ser fram til å bidra og til å følgje arbeidet med å gjera den til ein nasjonal satsing, seier Inger Elise Iversen, dagleg leiar i Kavlifondet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.