Lokal | 10. mai 2018

Øvde i Lyshorntunnelen

Bli med Veidekke, brannvesenet og vegvesenet på brann- og evakueringsøving i fjellet mellom Endelausmarka og Rådal.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 10. mai 2018 07:16

Tysdag gjennomførte Veidekke saman med Os brannvesen og Statens vegvesen ei øving i Lyshorntunnelen, som er under driving mellom Endelausmarka og Rådal.

– Scenariet vi skal øva på er brann i tunellen og ein bil som krasjar på veg ut. I bilen blir to personar skadd.

– Det er viktig å ha desse øvingane både internt, men også for å testa kommunikasjonen opp mot brannvesenet, fortalde Bjørg Torsnes, stabsleiar i Veidekke, før øvinga.

Det er andre gong entreprenøren har ei slik praktisk øving i E39-prosjektet.

– Vi har i tillegg hatt ei rekkje skrivebordsøvingar.

Brannvesenet var sjølvsagt på plass.

– Mannskapa skal ta seg inn i tunellen med ATV utstyrt med luftbank og IR-kamera for å sjå gjennom røyken. Treff dei folk i tunellen så får dei luft via masker og blir frakta ut, fortalde varabrannsjef Arne Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.