Det knaka godt i isen då Erik Walden gjekk ut for å vera markør i Tøsdalsvatnet. (Foto: Oddmund Lunde)

Øvde på redning med enkelt utstyr

– Alle som ferdast på isen, også når den er markert farbar, bør ha ispiggar rundt halsen.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag var Os brannvesen på øving to stadar, under velta tre på grusbanen ved Os kyrkje og på tynn is på Tøsdalsvatnet.

– Vi ba teknisk vakt om å venta med å fjerna treet, som velta for nokre veker sidan. Øvinga vi skulle ha blei utsett litt, derfor blei treet liggande, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Midtsiden har fått nokre varslar på det velta treet, dette var altså forklaringa.

Fleire omsyn å ta

Når vinden er kraftig er rotvelt over veg og leidningar ofte første symptom.

– Vi bruker motorsagene mykje, men det er visse krav til bruk av desse. Vi har nyleg kursa fleire av våre tilsette, og det er ikkje lenge til neste kurs.

Tysdag var scenariet at ein person var i klem under eit velta tre.

– Dette gav oss fleire element å øva på, frå livreddande førstehjelp på personen under treet til redning og trygg hogst. Vi har ulikt utstyr, som løftepute som kan heva treet, så her diskuterte vi både metode og gjennomføring.

– I tillegg er det ting du skal passa på når du kapper eit rotvelta tre, for eksempel tilbakefall på sjølve rota.

Gjennom tynn is på Tøsdal

Etter øving under velta tre gjekk turen til Tøsdalsvatnet.

– Det er is på fleire vatn i Os om dagen, men ingen er farbare og fleire er merkte som utrygge, seier Monsen.

• VIDEO: Øvde på redning i Oselvo (2016)

Brannbetjent og markør for dagen, Erik Walden, klarte likevel å spasera ut på isen eit stykke før knakelydar blei til eit plask.

– Vi har to bananforma gummibåtar som er ypperleg til blant anna denne forma for redning. Vi har øvd med desse fleire gongar før, men denne gongen øvde vi med enklare utstyr.

– Isen var truleg berre 5-7 cm tjukk. Sjølv om vi hadde redningsmann med line, og to mann som halte, var det tungt å få mannen opp av isen. Isen braut etterkvart som vi prøvde å få han oppå, men etter ei stund fekk vi han opp, fortel Monsen.

Å koma seg opp frå vatnet om du går gjennom isen er nærmast umogleg utan ispiggar. Desse kan henga i reim rundt halsen.

• Les meir om ispiggar, og at desse kan gje falsk tryggleik (du bør i tillegg ha tau), på varsom.no

Ispiggar finn du i sportsbutikkar og jernvare. Det er førebels ikkje varsel om lengre kuldeperiodar i Os, så det kan gå tid før du får bruk for desse på heimebane.

– Men vi ser at det, med det same isen er farbar, er mykje folk på islagte vatn rundtom i Osbygda. Då kan det vera greit å ha grunnutrustinga klar, anbefalar Monsen.

Fleire saker