Lokal | 20. apr. 2019

Øvelseskøyrde på seg ein kraftig alvorsprat med politet

Politiet stoppa øvelsekøyring i Hegglandsdalen - motorsyklist teken med høg fart i Hatvikvegen.

Øvelseskøyrde på seg ein kraftig alvorsprat med politet
Politiet melder om rolege dagar, men patrulering torsdag resulterte i tre reaksjonar i trafikken. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 20. apr. 2019 08:00

Politiet melder om rolege dagar i Os, men torsdag ettermiddag fann dei fleire trafikale ting å reagera på;

Då patruljen stoppa ein bil på Halhjemsvegen viste det seg at sjåføren, ein mann i 20-åra, har ikkje førakort. Sak vart oppretta.

På Hatvikvegen kom politiet over ein motorsyklist i høg fart. Det vart gjennomført ei gjennomsnittsmåling - den vart målt til 61 km/t.

Fartsgrensa på staden er 50 km/t.

Politibetjent Sindre Hallem ved Os lensmannskontor fortel at eit forenkla førelegg på 3.800 kroner, og to prikkar på førarkortet vart delt ut på staden.

På same patruljeturen fatta ein bil køyrande i Hegglandsdalsvegen politiet si interesse;

Høg fart og mykje svinging i vegbana gjorde at patruljen valde å stoppa bilen. Hallem fortel at bak rattet sat ein 16-åring som var ute på øvelseskøyring.

– Vi måtte ta ein kraftig alvorsprat med både både «elev» og «lærar». Ikkje hadde dei fått på hengt opp L'en som skal henga bak på bilen heller.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.