Lokal | 03. mai 2018

Over 105.000 besøkande i 2017

Osbadet gjekk med nær 400.000 i overskot i 2017. Treng pengane til naudsynt vedlikehald.

Over 105.000 besøkande i 2017
Skulesyming er ein viktig del av Osbadet med over 30.000 elevtimar i 2017 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 03. mai 2018 10:28

I årmeldinga som styret for Osbadet KF har levert formannskapet kjem det fram at det kommunale føretaket omsette for 16.841.405 kroner og gjekk med 399.583 kroner i overskot i 2017. Av omsetninga var 4,75 millionar kroner frå sal av badebillettar.

– Styret er nøgd med resultatet og foreslår at årsresultatet settast av til disposisjonsfond, heiter det i årsmeldinga.

Nytt kloranlegg og aspirasjonsdetektor

Ein byrjar no å merke at bygget er over 11 år gamalt og at ein del teknisk utstyr byrjar å bli slitt og utdatert. Styret ønskjer å bruke mindreforbruket til vedlikehald det ikkje er budsjettert med for 2018.

– Kloranlegget må bytast ut innan kort tid, då det er blitt stor brukarslitasje og det vil løne seg å få inn nytt i staden for å lappe på det gamle.

– Den gamle aspirasjonsdetektoren i symjehallen er no defekt. Styret ønskjer å bruke overskotet frå 2017 på dette pålegget.

Desse reperasjonane har stipulerte kostnader på 177.110 og 281.360 kroner eksklusiv mva.

Over 30.000 elevtimar

I årsmeldinga har ein berekna at det årleg er over 105.000 besøkande gjester i Osbadet. Dette inkluderer betalande gjester, skulebading, helsegrupper og andre som leiger bassenget.

– Det er årleg over 30.000 elevtimar i Osbadet i høve skulebadinga, og dette er med på å gje skuleborna i Os eit godt tilbod innan symjeundervisning, heiter det i årsmeldinga.

Også dei næraste vidaregåande skulane, som Os VGS, Os Gymnas og Stend VGS har nytta Osbadet til undervisning i periodar.

Bygging av dobbelthall: Har funne gode løysingar

Osbadet har i 2017 hatt ope i 355 dagar. Kun tre dagar sommaren 2017 holdt ein stengd for naudsynt vedlikehald.

– Siste delen av 2017 har delar av arealet rundt Osbadet fungert som byggjeplass for ny dobbel fleirbrukshall. Sjølv om ein har måtte endra inngangsparti, og det har vore ein del sprengingsarbeid, har Osbadet ikkje hatt behov for å stengje som følgje av arbeidet. Kundane, tilsette og arbeidarar har vore tilpassingsdyktige og saman funne gode løysingar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.