Lokal | 28. mars 2020

Over 50 bustadar sett på vent

Møtene i kommunestyret og plan og bygg er utsette.

Over 50 bustadar sett på vent
Plan og bygningsutvalet, her i møte i januar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. mars 2020 08:37

Ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) meldte tidlegare denne veka det er tverrpolitisk semje om å utsetja kommunestyremøtet 31. mars til 12.mai, og møtet i plan- og bygningsutvalet frå 2. april til 16. april.

– Vi er glade for at eit samla politisk miljø var einige om dette tysdag kveld. Det er viktig for oss at vi no let administrasjonen få jobba med å finna gode, trygge digitale løysingar på møtegjennomføring inkludert votering, og at kommuneleiing og tilsette får bruka alle kreftene sine på å handtera den krevjande situasjonen vi no står i, seier Lindborg og Leigland i ei pressemelding.

– Kommunestyret har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette i kommunen. No er det viktig at alle dreg i same retning for Bjørnafjorden kommune sine tilsette og for alle innbyggjarane.

I samband med smitteverntiltaka mot koronaviruset har det òg vore gjort forsøk på å flytta makt frå kommunestyret (35 medlemmar) til formannskapet (9 medlemmar) for meir effektiv politisk behandling. Eit slikt vedtak kan berre fattast samrøystes, og MDG, SV og Magne Duvik (uavhengig/PDK) stemte nei.

– Kva står på vent i koronatida?

På spørsmål om kva som er dei største sakene, som grunna koronakrisa no står på vent, svarer kommunedirektøren dette.

– Lyseparken skulle vore avklart no. I tillegg har vi to store reguleringsplanar, Hjelle og Lundestølen.

Måndag 17. februar var det tverrpolitisk jubel etter nye forhandlingar om områdeplanen for Lyseparken. Endeleg behandling er på vent.

Dei to reguleringsplanane sto på sakskartet til kommunestyret 18. februar. Møtet blei gjennomført, men sakene blei utsette.

Planen for Hjelle inneheld 22 (20+2) bueiningar (ikkje 90, som vi først skreiv), planen på Lundestølen legg opp til seks rekkehus med til saman 36 bueiningar i to etasjar og to fleirmannsbustader (leiligheitsbygg) i to etasjar med 14 bueiningar.

Planen for Lundestølen er i alt 36 bustadar.
Planen for Lundestølen er i alt 36 bustadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.