Lokal | 14. mai 2014

Over 200 planter er stolne

– Det verkar som om det er same person som står bak alle tjuveria, seier Knut Geelmuyden frå teknisk drift i Os kommune.

Over 200 planter er stolne
Knut Geelmuyden har tett program med å etterplanta etter alle tjuveria. Men her ved gjestebrygga har blomane fått stå i fred. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. mai 2014 07:11

Bildeserie:

Frå dette bedet forsvann det 25 blomar i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Frå dette bedet forsvann det 25 blomar i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tjuveria kan vera vanskeleg å oppdaga, men her sto ein av dei 25 som blei tatt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tjuveria kan vera vanskeleg å oppdaga, men her sto ein av dei 25 som blei tatt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Frå dette bedet forsvann det 25 blomar i helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tjuveria kan vera vanskeleg å oppdaga, men her sto ein av dei 25 som blei tatt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

For to veker sidan skreiv vi om tjuveri av blomar og planter frå Osbadet, minneparken og Os sentrum.

Les òg: Omfattande tjuveri av blomar og buskar

Og tjuveria held fram.

– Berre i helga forsvann det 25 blomar frå eitt bed, seier Geelmuyden om tjuveriet utanfor inngangen til rådhuset.

Til saman er det tatt 19 buskar, 75 stemor, 40 løk til påskeliljer og 50 tulipanløk frå Os kommune sine bed dei siste vekene.

Steler «varsamt»

Kommunegartnaren seier dette med steling er eit nytt fenomen. Det starta i fjor og har auka kraftig i år.

– Hærverk må vi dessverre rekna med, i ein viss grad, i eit sentrum. Det er tydeleg forskjell på hærverk og steling.

– Den eller dei som steler tar éin blome her og éin der, og skubber jorda fint på plass, så du kan nesten ikkje sjå at noko er tatt.

Han kjenner til fleire tilfelle av tjuveri i Bergen.

– Det er teikn på at det er feinschmeckere som held på, sjeldne artar har vore ekstra utsett for tjuveri enkelte stadar i nabokommunen.

Også i minneparken på Os er ei sjeldan plante forsvunne.

Har fått tips

Fleire gongar har tjuven venta til bedet er fylt på igjen før vedkomande kjem og forsyner seg pånytt.

– Sånn sett er det bra, at den som stel ikkje øydelegg. Men vi kan ikkje fylla på i det uendelege, og det byrjar å bli ein del tusen kroner i planter og arbeidstimar, fortviler Knut.

Kommunen skal ha fått tips om kven som står bak, og har delvis sjekka dette ut.

– Vi ønskjer fleire tips. Eg trur at alle tjuveria er utført av éin eller av nokre få personar.

– Ein eller annan stad i nærleiken er det nokon som har ein ufortent fin hage, seier Geelmuyden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.