Lokal | 29. sep. 2017

Over 4000 hummarteiner i Os?

Sjå kor mange osingar som har registrert seg som hummarfiskarar.

Over 4000 hummarteiner i Os?
423 osingar har, på kort varsel, registrert seg som hummarfiskar før sesongstart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. sep. 2017 12:39

Torsdag 14. september, mindre enn tre veker før årets hummarfiske starta (1. oktober - 30. november), kom Fiskeridirektoratet med krav om at alle som skal fiska hummar, også fritidsfiskarar, må registrera seg.

• Les meir om registreringsplikta her

Kor mange har fått dette med seg, og kor mange innbyggarar i Os har registrert seg som hummarfiskar før årets sesong, som startar søndag?

– Gode tal, viss ikkje du er hummar

Ifølgje Fiskridir.no er det per i dag, på landsbasis, heile 26.000 som har registrert seg som hummarfiskar.

Seniorrådgjevar Olav Lekve i Fiskeridirektoratet sin kommunikasjonsstab har henta fram tal for Hordaland og for Os.

– I Hordaland er det til saman 5.695 som har registrert seg. 423 av desse er frå Os kommune, fortel Lekve.

– Ny regel på kort varsel, dette er vel gode tal?

– Kanskje ikkje om du er ein hummar, seier Lekve og ler.

– Spøk til side, vi er nøgde med den gode medieomtalen, som har hjelpt oss å spreia bodskapen på kort tid. Fiskarar er, som jegerar, til ei kvar tid forplikta til å halda seg orientert om regelverket, men her var tida litt knapp i forhold til sesongstart.

Kan gje grunnlag for regelendringar

Fritidsfiskarar og yrkesfiskarar er begge registrerte, men dei fleste av desse 423 hummarfiskarane er fritidsfiskarar.

Yrkesfiskarar kan bruka 100 hummarteiner, fritidsfiskarar kan ha 10 per fiskar og per båt (to fiskarar i same båt kan framleis berre ha 10 teiner).

Det betyr likevel at fiskarar frå Os til saman kan setja ut over 4000 teiner etter hummar dei neste to månadane.

– Vi har observert at blåsene ligg tett i sesongen, og er sånn sett ikkje overraska over at det er mange fiskarar som har registrert seg.

– Men med det nye registeret så får vi ei betre kartlegging, blant anna over kva område det er flest fiskarar, og dette kan gje eit godt grunnlag om reglane skal endrast, seier Lekve.

• Få oversikt over alle reglane på fiskeridir.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.