Over 50 isolasjonsplater skadd av hærverk
Os Idrettspark har fått tips, og ber syndarane melda seg.
Fleire isolasjonsplater i taket på garasjeanlegget til Os Idrettspark og Osbadet er skadd.
– Vi fekk tips om dette tysdag. Det skal ha skjedd litt tidleg på kvelden, fortel dagleg leiar Torbjørg Brattabø.
Ifølgje meldar kasta dei steinar og sparkesyklar i taket.
Minst 50 takplater er skadde, minst fire steinar heng framleis igjen i taket, og kan skada bilar om dei lausnar og ramlar ned.
Får frist til i kveld
Leiinga i Os Idrettspark har fått detaljert tips, og reknar med dei finn ut kven som står bak.
– Tre personar i ein ungdomsgjeng på fem-seks personar skal ha vore aktive. Dei har kanskje blitt rastuase av to månadar med heimeskule, og dei angrar sikkert i dag. Om desse melder seg i kveld, og kjem for å rydda og kosta, så melder vi ikkje forholdet til politiet i morgon.
Brattabø veit ikkje kva prisen kjem på, for å erstatta takplatene, men seier dei har nokre i reserve og bestiller inn fleire nye.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.