Over 5000 på messe

VIDEO: Skimessa i Myrkdalen fekk flotte forhold og god deltaking.

Kjetil Vasby Bruarøy
10. januar 2012 - 23:40

I helga gjekk årets skimesse i Voss Fjellandsby av stabelen. På førehand var vêrmeldingane gode, noko dei sjeldan har vore for skimesse-helga i starten av januar.

Også påmeldingane til skiskule var betre enn før.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Då vi i tillegg fekk supert føre og sol søndagen blei det veldig folksamt, seier arrangør Jan Frode Skeie frå MX Sport.

Langt over 5000 i bakken

I tillegg til dei under 7 år, som går gratis, var det over 2000 som kjøpte skikort laurdag og 3000 søndag.

– Det blei litt tett med folk søndagen, spesielt på Kråni- og Kari Traa-trekket, då det i starten på dagen berre var sol øvst i bakken.

– Men speakeren informerte så godt han kunne om kva heisar folk burde velja for å få minst mogleg ventetid.

Med betre overnattingskapasitet kunne det nok blitt endå fleire. Neste år blir denne auka med hotell som er under bygging heilt inntil alpinanlegget.

Ville ikkje gå

Hovudessensen i messa er auka kunnskap og betre skioplevingar, med gratis kurs for både unge og heilt nye til erfarne kjørarar som vil takla brett, ski, skøyting eller frikjøring betre.

– Fint eller dårleg vêr, det kjekkaste med messa er at ting fungerer. Folk deltar på kursa og folk låner demoski. Mange leverer også ski til gratis prepping hos Swix, som stiller med fleire tidlegare landslagssmørarar for å dela tips og triks og betre gli.

– Også kursa fungerer godt. Vi får mange gode tilbakemeldingar, både frå dei som plutseleg ser fireåringane sine susa opp heisen og ned bakken, og dei som i utgangspunktet ikkje trur dei har meir å læra, men får seg ei og anna aha-oppleving på kurs for vidarekomne.

– Instruktørane er flinke og tålmodige, og det er grundige kurs på over to timar. Kurshaldarar og tidlegare landslagssmørar Terje Steinsland frå Swix fekk også mykje ros, smørekurset skapte stor interesse og fleire fine diskusjonar. Folk ville ikkje gå då kurset var over, fortel Skeie.

Skistjerner med på kurs

Enkelte kjente kjørarar dukka også opp på messa, som Fred Syversen, mannen bak rekord-fristylehoppet på 107 meter, og Dennis Risvoll og Oskar Pedersen frå skifilmen Broken Record.

Oskar heldt oppvising på bigjump, Fred og Dennis deltok som hjelpeinstruktørar på frikjøringskurs.

Minimesse i februar

Skimessa er stor og populær, og den er ikkje den einaste aktiviteten MX Sport legg opp til denne vinteren.

– No til helga skal vi til fjells igjen med tilsette for å kjøra grundig skitest.

– For publikum blir det ei minimesse første helga i vinterferien, 25. og 26. februar. Då blir det også skiskule, ikkje gratis, men til sponsa pris, og lån av demoski for testing før eventuelt kjøp.

– Så står sportsmessa Fritt og Vilt for tur i Grieghallen 13. til 15. april, seier Jan Frode Skeie.

VIDEO: Sjå klipp frå skimessa laurdagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

 

Les meir om

Næringsliv Sport