Over 800 har sagt ja til kreftkoordinator. No håper eg politikarane lyttar.
DEBATT: Det blir for enkelt å konkludere med at løysinga berre ligg hos staten.


Takk til deg, Thomas Nyløkken, lokallagsleiar i Bjørnafjorden Høyre, for eit godt og engasjert innlegg.
Eg er enig i mykje av det du skriv, blant anna at staten må ta eit større ansvar for å sikre likeverdige tilbud til kreftpasienter.
Samtidig meiner eg det blir for enkelt å konkludere med at løysinga berre ligg hos staten.
I Vestland har 36 av 43 kommuner valgt å prioritere ein kreftkoordinator. Det betyr at berre 7 kommuner står utan eit slikt tilbud.
Desse er:
- Bjørnafjorden. Om lag 26 800 innbyggarar.
- Osterøy. Om lag 8 300 innbyggarar.
- Gloppen. Om lag 6 000 innbyggarar.
- Bremanger. Om lag 3 500 innbyggarar.
- Hyllestad. Om lag 1 300 innbyggarar.
- Eidfjord. Om lag 1 000 innbyggarar.
- Modalen. Om lag 400 innbyggarar.
Det betyr at Bjørnafjorden er den desidert største kommunen i Vestland som står utan ein kreftkoordinator i dag. Samtidig er dette eit tilbud kommunen faktisk har hatt tidlegare. Fleire kommunar med langt færre innbyggarar har funne rom for å prioritere denne funksjonen.
Eg har stor forståelse for at kommuneøkonomien er krevjande. Men budsjett handlar også om prioriteringar.
Over 800 personar har allereie skrive under på underskriftskampanjen på MinSak.no. Det viser at dette er ei sak mange innbyggere meiner er viktig.
Høyre og Framstegspartiet har fleirtalet i Bjørnafjorden i dag. Difor håper eg de ikkje berre vil arbeide for fleire statlege midler, men også sjå på kva moglegheiter kommunen sjølv har til å prioritere ein kreftkoordinator.
Eg vel å tolke innlegget frå Høyre som eit signal om at de ønskjer å finne ei løysing.
Då håper eg også de vil ta utfordringa med å finne finansieringa som skal til for å få tilbake eit tilbud kommunen ein gong hadde.
Eg meiner dette handlar om meir enn økonomi. Det handlar om kva vi vel å prioritere.
Når 36 av 43 kommuner i Vestland har funne rom for ein kreftkoordinator, meiner eg det er naturleg å spørje kvifor Bjørnafjorden fremdeles står utan.
For kreft rammar ikkje berre den som får diagnosen. Den rammar heile familien. Ingen skal måtte stå aleine når hjelpa kunne vore organisert betre.
Marita Haugland