– Over all forventning
TiNi barneklær opna måndag dørene, og kundane lot ikkje venta på seg.

Ein jamn straum av kundar og blomsterhelsingar har prega dagen til Tina Lyssand Rød og Nina Oen som saman opna TiNi barneklær på Osøyro måndag.
– Det har vore fullt køyr og over all forventning i heile dag, fortel dei to gründerane når Midtsiden kjem innom, rett etter at ordførar Marie Bruarøy har vore der med ei blomsterhelsing frå kommunen.
Og ho er ikkje den einaste som ønskjer barnekle-butikken velkomen.
– Dette har vore sakna, seier nabo og eigar av GH Interiør, Olaug Gausvik i det også ho kjem innom med blomar.
Berre positive tilbakemeldingar
Lyssand Rød og Oen fortel at den same tilbakemeldinga har dei fått frå andre som har vore innom i løpet av dagen.
– Det har berre vore positive ord. Mange har sagt at dette har dei sakna og at dei gler seg over at dei no ikkje treng reisa til Lagunen.
Opna før tida
Eigentleg hadde dei to planlagt å opne etter påske, men når strikkebutikken opna no, så fann dei ut at dei ville gjera det same.
– Planen var å opne etter påske, men lokalet var ferdig tidlegare enn planlagt, så då fann vi ut at det berre var å ta sats. Strikkebutikken skulle jo opne i dag, så då fann vi ut at det var greitt å opna samstundes.
Held på gamlejobben
Som ferske gründarar tek dei ikkje heilt sjansen på å gi seg med gamlejobben.
– Vi er begge sjukepleiarar, så vi kjem til å halde fram med det litt innimellom. No skal jo eg ut i morspermisjon i juni, så då blir det mest Tina som kjem til å stå i butikken, men utover det så kjem vi til å bytta litt på, fortel Nina Oen.
Sjølv om dei no skiftar bransje, så er dei ikkje heilt ukjent med å stå i butikk.
– Eg har jobba litt hos Olaug på GH tidlegare og Tina har vore innom Drageset, så litt erfaring har vi frå butikk, men det er klart det blir spennande, avslutter dei to som i hovudsak har funne leverandørar i Noreg og Skandinavia.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.