Sport | 04. aug. 2014

Over toppen av Alpane!

I natt starta løpeturen, i formiddag nådde Thomas Andersen og Thorbjørn Ludvigsen toppen av Mont Blanc.

Over toppen av Alpane!
Her er Thomas og Thorbjørn no, litt før klokka 11.30, på veg ned igjen frå toppen av Mont Blanc (4810 moh). (Google Map/findmespot.com)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. aug. 2014 09:34

Bildeserie:

Thomas og Thorbjørn i Chamonix før helga.
Thomas og Thorbjørn i Chamonix før helga.
Turen starta i Les Houches ved Chamonix, 1000 moh. (Google Map/findmespot.com)
Turen starta i Les Houches ved Chamonix, 1000 moh. (Google Map/findmespot.com)
1 av 2

Før helga fortalte Thomas Andersen om planen om å løpa til toppen av Mont Blanc.

Den 4810 meter høge toppen er Vest-Europas høgaste og dei to ultraløparane frå Team Salomon har som mål å klara tur-retur på under 10 timar.

– Det er ikkje så gode meldingar, men på morgonen ser det bra ut, så planen er å starta klokka 4 i natt, sa Thomas til Midtsiden søndag kveld.

Turen starta 1000 meter over havet i den franske byen Les Houches nær Chaminox.

Ifølgje trackinga på Spot, som du finn link til nedst til venstre på thomasandersen.no, kom Thomas og Thorbjørn seg til toppen av Mont Blanc klokka 10.26, altså knappe 6,5 timar etter start.

No er dei to på veg ned igjen 3800 meter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.