Bergen tinghus. (Foto: KVB)

Overgrepssaka mot idrettsdommaren: Politiet har funne 20 offer

Alle er gutar frå bergensområdet.  

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag 15. august fortalte Vest politidistrikt at Norges Fotballforbund (NFF) har meldt ein av sine eigne dommarar. Også ein av dei fornærma meldte mannen til politiet.

Sikta, ein mann i slutten av 20-åra frå Bergen, blei pågripen 8. juli og er framleis varetektsfengsla.

Han har dømt både fotball og handball, og var tilknytt klubbane Kalandseidet idrettslag og Os Turnforening.

Mannen er tidlegare ustraffa og hadde politiattest. Meldinga kom som eit sjokk på idrettsmiljøet, der han både har halde kurs og vore instruktør i tillegg til å dømma. 

Har funne yttarlegare 17 offer 

Idrettsdommaren er sikta for seksuelt krenkande åtferd, framstilling av seksuelle overgrep eller bilde som seksualiserer barn og unge og seksuell omgang med barn under 16 år.

Då politiet informerte om saka i august, ville dei ikkje seia kor mange fornærma det var i saka, men etterlyste tips i saka.

I førre veke fortalte politiet til Bergens Tidende at dei hadde 3 fornærma då mannen blei pågripen i juli, no har dei 20.

– Vi har hatt mange avhøyr og gått gjennom beslag. Nokre fornærma har kontakta politiet sjølv, men dei fleste har vi funne ved å gå gjennom chattar som sikta har hatt, seier politiadvokat Christine Møen Wisløff til BT.

Alle er gutar i tenåra og oppover i alder, alle er frå bergensområdet. Nokre av dei har mottatt krenkande meldingar, nokre har blitt seksuelt misbrukt.

Det er uvisst om nokon av dei er frå Os. Politiet undersøker òg fleire av reisene dommaren har vore på.

 

Fleire saker