Lokal | 09. nov. 2016

Oversikt over hjartestartarar i Os

Det riksdekkande Hjertestarterregisteret er for Os sin del svært mangelfullt. Her er ei liste over dei Midtsiden kjenner til.

Oversikt over hjartestartarar i Os
Skjermskot av kartet på norskehjertestartere.no. Oversikta er for Os sin del svært mangelfull.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. nov. 2016 09:21

I går fekk Osbygda åtte nye hjartestartarar, seks av dei blei gjeven i gåve til idrettslag i Os.

Dette er hjartestartarar som skal henga utandørs, lett tilgjengeleg heile døgnet, og det blei vist til ein innebandyspelar i Nittedal som døydde samtidig som nærmaste hjartestartar var innelåst.

Etter riksdekkande omtale av problematikken med utilgjengelege hjartestartarar har det vore fokus på styresmaktene sitt forsøk på å laga eit hjartestartarregister.

Eit register som AMK vil bruka

Det blir vist til norskehjertestartere.no, ei side drifta av Apotek1 og Røde Kors, eit kart som førebels berre viser fire hjartestartarar i Os.

– Vi treng omtrent ein nasjonal dugnad for at folk skal gå inn og registrera sin hjartestartar, sa prosjektleiar for registeret, Siw Lilly Osmundsen, til TV 2.

Dette riksdekkande registeret er det registeret AMK vil bruka, om du ringer og trenger hjelp, og dei vil fortelja deg om tilgjengeleg hjelpemiddel i nærleiken.

Det er derfor viktig at registeret er oppdatert!

Her kan du registera din hjartestartar.

Lokal oversikt

Frå 2011 til 2013 lagde (og oppdaterte) vi i Midtsiden ei liste over hjartestartarar i Os.

Det er ein viss sjanse for at denne lista blir funnen om nokon i framtida søkjer etter ei oversikt. Hjelp oss å halda den oppdatert (fram til det offentlege registeret er ajour).

Her er nokre av stadane i Os som har/er i ferd med å få på plass hjartestartar:
Veit du om fleire? Er nokre av desse fjerna/flytta? Tips oss på epost.

Abo Plan & Arkitektur
AMFI Os
Askeladden
Bolaks avd Lønningsdal (UTANDØRS 24t)
Bjørnefjorden Golfklubb
Er-An Veikro
Gamleheimshagen
Hodneland Bygginnredning AS
Kløvertun/Sanitetshuset
Kongshaug Musikkgymnas
Kysthospitalet i Hagavik
Legekontor (fleire)
Libris Osøyro, Os torg (UTANDØRS 24t)
LHL Os
Lunde barneskule
Luranetunet
Lyseklister il (innandørs)
Lysekloster il (UTANDØRS 24t)
MS Fox Fighter
MS Hargun
MS Molly
MS Røttingøy
MS Samba
Museet Lysøen
Nore Neset Aktivitetshus
Nore Neset il (UTANDØRS 24t)
Os brannvesen, på to av bilene
Os Gymnas
Os og Samnanger legevakt
Os Manuellterapi & Fysioterapi
Os Pensjonistsenter (tidl. Os eldresenter)
Os Rådhus
Os Skyttarlag
Os Taxi (DØGNOPE)
Os Turn (klubbhuset, Kuventræ)
Os Turn (UTANDØRS 24t)
Os vgs
Osbadet
Oseana
Oselvarverkstaden
Osbuss, i seks av bussane
SalmoBreed Lønningdal
Sprek og Blid Os
Søfteland turn- og idrettslag
Søfteland turn- og idrettslag (UTANDØRS 24t)
Søre Neset il (klubbhus, Bjørnen)
Søre Neset il (UTANDØRS 24t)
Privatmegleren
Ravneberghaugen rehabiliteringssenter
Rema 1000 Kuven Stasjon
Rema 1000 Os
Rolls-Royce Hagavik
Ulven leir
Ulvenparken, Palfinger (tidlegare NDM)
Vedholmen Landhandel (Bunnpris/Søre Øyane)
Øyglimt (UTANDØRS 24t)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.