Kultur | 26. jan. 2017

Øvredal får skrekkeleg god mottaking

«The Autopsy of Jane Doe» haustar svært god kritikk internasjonalt. Søndag går filmen i Oseana, men då er regissøren frå Os på festival i Frankrike.

Øvredal får skrekkeleg god mottaking
André Øvredal på settet i England. I år skal han spela inn «Mortal» i Noreg. (Foto: Susie Allnut)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. jan. 2017 09:31

Regissør André Øvredal frå Os fekk dei første positive signala allereie i starten på oktober, då hans første kinofilm etter «Trolljegeren», «The Autopsy of Jane Doe» vann pris for beste grøssar under filmfestivalen Fantastic Fest i Austin i Texas.

«The Autopsy of Jane Doe» har til no vunne fire prisar, tatt éin andreplass og er nominert til nok ein pris.

Filmen blir hylla av fleire, blant anna har grøssarkongen himself, forfattar Stephen King (bak blant anna «Ondskapens Hotell»), skrive dette på Twitter: «Visceral horror to rival ALIEN and early Cronenberg. Watch it, but not alone.»

Også Conjuring 2-regissør James Wan hyllar Øvredal, og dei største norske avisene har gjeve skrekkfilmen terning 5 og 4.

Av internasjonal omtale er det Daily Variety, eit viktig bransjeblad i Hollywood, som Øvredal set størst pris på.

– Det har vore enormt hektisk etter at filmen kom ut. Det er underhaldande og kjekt å sjå all den fine omtalen som kjem, ikkje minst på Twitter, og uverkeleg at sjølvaste King kjem med slike tilbakemeldingar.

– Kjem det òg merksemd i form av profesjonell interesse?

– Ja, svarer Øvredal kort.

Han liker ikkje å fortelja om prosjekt før dei blir noko av. Samtidig innrømmer han at han nyleg var nær på å takka ja til eit svært stort prosjekt.

– Det er mange prosjekt som kan bli avlyst eller utsett, eller som du må takka nei til. Det kan vera mange ulike årsaker, sånn er det i bransjen.

Gode sjåartal - som likevel kunne vore høgare

I desember hadde filmen kinopremiere i USA, fredag 13. (!) januar, etter snikpremiere på Bergen Kino i romjula, var det norsk premiere.

«The Autopsy of Jane Doe» blei sett 15.000 gongar på norske kinoar den første helga, 1230 av dei i Bergen, ifølgje Bergens Tidende.

– Også distributøren, IFC Midnight, er svært nøgd med sjåartala, både på norske og amerikanske kinoar, og på sal via nett, for eksempel iTunes.

Samtidig kunne sjåartala vore høgare. Filmen er finansiert av amerikanarar, men spelt inn i England, og det blei tidleg inngått avtale med sjangerdistributøren IFC, som ikkje har noko marknadsføringsapparat å snakka om, og som har fått filmen inn på berre 50-60 kinoar i USA.

Dermed blir det ikkje det store inntektspotensiale, trass den svært gode mottakinga og merksemda filmen har fått.

– Hadde vi visst det vi visste, kunne vi ha sikta høgare. Men det er lite å gjera med no, seier Øvredal til BT.no.

Når kvart einaste minutt tel

Øvredal er glad for at han og teamet har fått til det dei har prøvd på med grøssaren. Samtidig, når han ser filmen, legg han òg merke til feil og manglar.

– Det er bere detaljar, og ting eg skulle ønskt eg hadde fått med, men som det ikkje blei tid til. I hovudsak er eg stolt over måten vi løyste det på.

Han forklarer kor hektisk det er med innspeling av film.

– Kvart einaste minutt tel, heile dagen. Det blir sånn at du treng ikkje sjå på klokka for å veta om nokon har brukt 8 eller 10 minutt på noko, du får eit ekstremt forhold til tid.

– Er du heldig så får du fire timar med søvn. Sånn held du på i 30-40 dagar.

– Og då går det i fastfood og cola?

– Ja, du startar alltid med fastfood og lett tilgang på sjokolade, men du kan ikkje leva sånn i over ein månad. Etter ei stund forlangte eg at det berre skulle vera sunn mat på settet, då gjekk vi og knaska gulrøtter heile gjengen, seier Øvredal og ler.

Om noko går gale, eller tar lengre tid enn venta, blir det kritisk. Og det er alltid noko som går gale.

– Om du mister tid så mister du det bildet. Du må halda planen. Samtidig må du laga ein realistisk plan, og legga inn plass til at noko ikkje går som venta.

På stor festival i Frankrike

Øvredal var sjølv på førpremiere i Bergen torsdag 12. januar, men er nok ikkje å treffa når filmen blir vist i heimbygda, på Noregs største bygdekino, førstkomande søndag.

– Eg er invitert til Frankrike, filmen skal visast på festivalen Gérardmer, fortel André.

Gérardmer blir av mange sett på som verdas viktigaste sjangerfestival. Øvredal var òg på Gérardmer med «Trolljegeren» (2010).

– Ved sidan av å festivalen og å følgja sjåartala på kinoane, kva blir spennande for «The Autopsy of Jane Doe» framover?

– Den er nyleg selt til England, det blir spennande å sjå om distributøren set den opp på kino. Det blir i så fall første utanom USA og Noreg, og fleire kan koma.

I 2017 blir Øvredal opptatt med innspeling av norsk-amerikanske «Mortal» («Torden» på norsk). Filmen handlar om norrøn mytologi, men handlinga er i moderne tid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.