Øvredal sin neste storfilm har fått tittel og premieredato
Kjem på kino i mai.


Hausten 2024 blei det kjent at regissør André Øvredal frå Os var hyra inn til eit nytt, stort filmprosjekt for Paramount.
Walter Hamada (18hz) – kjent for filmar som The Batman (2022), Joker, The Suicide Squad, The Conjuring-serien, It og Annabelle – er produsent.
Men filmen, som blei ferdigstilt sommaren 2025, har ikkje fått tittel før no.
– Endeleg er tittelen klar! Filmen skal heita Passenger og får premiere fredag 29. mai, skriv Hollywood Reporter.
Regissør Øvredal har delt saka i sosiale media.
Vi fekk ein prat med Øvredal rett før klippinga av filmen starta våren 2025. Les om innspelinga blant dei relaterte sakene under.
Handlinga veit vi framleis lite om, anna enn at Øvredal fortel at det er ein roadmovie.
Melissa Leo er blant dei som har ei rolle i filmen. Leo er kjent frå filmar som London Has Fallen (2015), The Equalizer (2014) og The Fighter (2011), som ho fekk både Oscar og Golden Globe for.
I hovudrollene finn vi Lou Llobell, kjent frå rolla som Gaal Dornick i TV-serien Foundation, og Jacob Scipio, som har vore å sjå i Expend4ables og dei siste Bad Boys-filmane.




