Øyafest | 13. okt. 2022

Øyafest 2023: Klar med dato og første band

Slepp samtidig alle billettane i same haug.

Øyafest 2023: Klar med dato og første band
STYREMØTE VED STOVEBORDET: Tommy Aasen (t.v.) og Ivar Bøthun saman med rekneskapsførar Torbjørn Hjelle (midten) tidlegare denne veka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. okt. 2022 19:08

Øyafest gjennomførte ein vellykka første festival, og blir som venta arrangert neste år òg.

Dato for Øyafest 2023 blir torsdag 29. juni til laurdag 1. juli.

Stad er den same: Sundøy Arena.

Torsdag med kickoff i Humrahølo, som i år, fredag med fest berre i teltet og laurdag som fullskala festivalkveld i telt og ute ved storscenen.

Første booking er til fredag i teltet: Show med 3 Busserulls.

Fem veker tidlegare neste år

Festivalen er altså framskynda frå første helga i august, som var dato i år, til overlapp mellom juni og juli neste år.

– Det har med turnus å gjera. Dette er hjartebarnet vårt, og sjølv om me har mange flinke folk med oss, vil me helst vera heime sjølv òg, seier festivalsjefane, fiskarane Ivar Bøthun og Tommy Aaasen.

TIDLEG PÅ KVELDEN: Ut av teltet og fram til storscenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
TIDLEG PÅ KVELDEN: Ut av teltet og fram til storscenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tommy jobbar for Havforskingsinstituttet og seglar i fast turnus, Ivar reknar med å kunna tilpassa seg.

– Me håper siste helga i juni passar mange. Då er det også to veker til Tysnesfest. Me ville ha ei helg imellom, for ikkje å koma for tett på denne gode naboen over fjorden.

Tre ulike kveldar

Øyafest utvider frå to til tre festivalkveldar.

– Me held på gratis kickoff i Humrahølo torsdag. Det blei ein fin familiekveld i ei fjøre der musikarane, fjorden og terrenget skapte magisk stemning.

HUMRAHØLO: Gratis kickoff i fjøra torsdag blei kjekt for ung og gamal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
HUMRAHØLO: Gratis kickoff i fjøra torsdag blei kjekt for ung og gamal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fredag blir det konsert i festivalteltet, laurdag blir det full festival på heile området, med oppvarming i teltet og dei siste artistane på storscenen utanfor.

Arrangørane er i dialog med fleire artistar.

3 Busserulls kjem til Sundøy Arena fredagen i 2023.
3 Busserulls kjem til Sundøy Arena fredagen i 2023.

Første kontrakt er med 3 Busserulls, som speler i teltet fredagen.

Busserulls ga ut 12 album frå 1977 til 1990, og er kjent for låtar som «St. Pauli Blues» (... jeg vil ha 16 lasaroner til å bære min kiste), «16 da’r på plattform» og «Flikk-flakk i Flekkejord.

Legg ut alle billettane på éin gong

Øyafest-arrangørane har vore dyktige og heldige. Dei fekk fleire og større sponsorar enn venta, tre av dei måtte til og med venta til neste festival, for plakatane var allereie printa.

Billettsalet gjekk også godt, med raskt sal av bolk for bolk, og utselt festival heile seks veker før dørene opna.

Trass i at dei sa stopp på 1.000 gjestar festivalkvelden fredag (torsdag var og er gratis), blei det selt for godt over ein halv million kroner i baren.

TURBOTAPP: Først blei det tomt for billettar, så blei det travelt i baren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
TURBOTAPP: Først blei det tomt for billettar, så blei det travelt i baren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Den gode starten kjem festivalen og publikummet til gode. Øyafest er eit dugnadsprosjekt og overskotet blir ståande som tryggleik og plattform for vidare booking, seier Ivar og Tommy.

– Mange sponsorane deltok på festivalen, og kom med veldig fine tilbakemeldingar. Nokre av dei sa på strak arm at dei også er med neste år.

– Måten Tommy og Ivar ter seg på gjer at det er lett å gi støtte. Resultatet av arbeidet deira gjer meg rørt og stolt, seier Karsten «Kakki» Austevoll frå Inka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg– Dei fortener mykje skryt

Til Øyafest 2023 blir det ikkje trinnvis slepp av billettar. Alt er i kveld lagt ut for sal.

– Me aukar frå 1.000 til cirka 1.500 laurdag. Fredag har eigne billettar, der legg me ut 400 billettar, fortel arrangørane.

– Me gjer oss litt tidlegare fredag kveld, så ikkje det tar brodden av laurdagen.

Dei merker at fleire management og artistar har fått med seg den nye festivalen, og fleire har tatt kontakt og spurd om å få koma.

– Då Vestlandsfanden-veteranen Reidar Brendeland til og med sendte epost og takka for seg, gav ros og ba oss helsa til alle dei frivillige som tok så godt imot bandet, blei me både glade og stolte av apparatet me har med oss. Det er kjekt når du får det til å fungera sånn du hadde håpa, og kanskje endå betre enn me sjølv hadde trudd.

I tida som kjem skal det bookast artistar til Humrahølo, ein ekstra til etter Busserulls-showet fredag og ei handfull til hovudkvelden laurdag. I tillegg kan det henda det blir noko for ungar på dagtid fredag eller laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.