Øyafest | fire timar sidan

Øyafest-aktuelle Lovv vann MGP. Det gav effekt.

– Me selte ein liten haug med billettar etter at sigeren var i boks, seier Ivar Bøthun.

Øyafest-aktuelle Lovv vann MGP. Det gav effekt.
Entertaineren frå Fyllingsdalen var i fjor i seminfinale i The Voice. I mai representerer han Norge i Wien. Foto: Bjørk Ellingsbø
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 01. mars 2026 19:17

I oktober blei det kjent at Jonas Lovv, som måtte stå over Øyafest 2025 grunna sjukdom, var booka på nytt til 2026-festivalen.

Lovv, som tok seg til semifinale i The Voice i fjor, vann i går Melodi Grand Prix med songen «Ya Ya Ya».

– Eg plar ikkje sjå på Grand Prix, men i går måtte me følgja med. Eg stemte til og med, seier festivalsjef Ivar Bøthun.

No gler han seg over Lovv sin suksess.

– Det betyr at han held seg varm fram til sommaren.

Med sigeren skal Jonas Lovv representera Norge i Eurovision Song Contest 2026 i Wien i Østerrike.

Der er det semifinalar 12. og 14. mai, finalen går 16. mai.

Årets Øyafest går av stabelen torsdag 30. juli til laurdag 1. august.

– Lovv sin siger gav òg utslag på billettsalet, det gjekk ein god haug i går.

I rekordåret 2025 hadde Øyafest passert 1000 billettar til laurdagen då januar var over.

– No er me på 1400 (av 2000 billettar), så me ligg vel rundt 300 framfor fjoråret. Frå påske og utover reknar me med endå høgare tempo i billettsalet.

Fredagen blei utselt på eitt minutt, torsdagen er gratis og utan førehandsutdeling av billettar.

Øyafest 2026

– programmet så langt

Torsdag 30. juli til laurdag 1. august.

Torsdag i Homrahølo (gratis): Trygve Skaug

Fredag, gratis familiefest på dagtid: Innslag er enno ikkje annonsert.

Fredag i telt på Sundøy Arena (utselt på eitt minutt): Cir.Cuz og The Strils (med Christer Sundøy Røttingen i front)

Til laurdagen er over 1200 av 2000 billettar selte allereie.

Laurdag i teltet: Seagulls (og truleg den faste «fyrbøtaren» Goggen, men han er enno ikkje annonsert).

Laurdag på hovudscenen: Jonas Lovv, Rotlaus og Kjartan Lauritzen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?