Kultur | 01. juni 2025

Øyafest har «kuppa» The Voice

Har booka endå ein kortreist artist som har vore deltakar i årets sesong i «Norges beste stemme».

Øyafest har «kuppa» The Voice
Elida Waage på scenen i The Voice. Foto: Thomas Andersen / TV 2
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 01. juni 2025 09:38

«Me har vore øve fjorden for neste booking», kunne Øyafest-arrangørane fortelja laurdag.

I starten på mai fortalte dei at Jonas Lovv frå Bergen skal spela under Øyafest 2025.

I går, i slutten på mai, var det klart at Elida Waage er booka.

Elida frå Austevoll skal på scenen torsdagen under Øyafest, på gratiskonserten i Homrahølo.

Både Lovv og Waage gjorde god figur i årets sesong av The Voice.

Sjå den første framføringa hennar, den som fekk mentorane til å snu seg, på YouTube eller i ruta under:

Elida skal dela scene med sin eigen mentor denne kvelden.

Eva Weel Skram er frå før på plakaten.

No er desse boka til Øyafest 2025

Torsdag: Eva Weel Skram og Elida Waage
Fredag: Vidar Villa og Jonas Lovv
Laurdag: Synne Vo, Gunslingers og CC Cowboys

Tilbakeblikk – sjå alle sakene våre om Øyafest på midtsiden.no/emne/oyafest

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.