Erling Holst Øyasæter og Olaf Tufte etter knallhard kamp i NM innandørs. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Øyasæter pressa Tufte gjennom innandørs-NM

Erling Holst Øyasæter persa i NM, men pallplassen glapp.  

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os Roklubb stiller med 14 deltakarar på innandørs-NM i Slåtthaughallen denne helga. Bergens Roklub er arrangør, Os stiller med juryformann Eirik Vevatne og dommaraspirant Sissel Lothe Høvik.

Med 10 romaskiner side om side, og skjerm som viser korleis «båtane» ligg i forhold til kvarandre, er det 2000 underhalande og publikumsvenlege meter deltakarane ror.

– Den store forskjellen frå båt til ergometer er at dette nesten ikkje handlar om teknikk, det er berre fysikk. Derfor blir det òg noko tøffare mentalt, seier Erling Holst Øyasæter.

Rett før jul blei han tatt ut på landslaget, i går viste han at han er i form. Erling opna i tet før OL-legenda Olaf Tufte overtok. Så blei Erling liggande 2-3 meter bak, på 2. plass, til rundt halve løpet var gått.

Tufte har blant anna to OL-gull (2004 og 2008), OL-sølv frå 2000 og OL-bronse frå 2016, på samvitet.

NM, topp 4:
1. Olaf Tufte 05.53,0
2. Martin Helseth 05.53,9
3. Jan Oscar Stabe Helvik 05.57,9
4. Erling Holst Øyasæter 05.58,9

– Dette var ny personleg bestenotering! Eg har berre vore under 6 minutt éin gong før. Men eg trur aldri eg har vore så sliten! seier Erling.

Det er vanleg å bruka rundt eitt minutt kortare tid på 2000 meter på maskin i forhold til i båt. 

– Eg hadde mål om medalje, og trudde Petter Tufte skulle bli tøffaste konkurrent om 3. plassen. Men så var Jan Oscar i overraskande god form.

Tatt ut til treningsleir i Portugal

– Korleis går det på landslaget?

– Det går veldig fint! I tillegg til treningsleir med eiga gruppe er eg ein av to som er tatt ut til å vera med OL-gruppa på treningsleir i forkant.

Dermed blir det to turar til Portugal for Erling den neste månaden.

– Rekk du å gå på jobb eller skule innimellom dette?

– Vidare studie er lagt på is, men eg jobbar som ingeniør for eit firma som let meg tilpassa arbeidstimane til trening og reise.

Pers til Bjørnevik - 4. plass til Vaktskjold

Før seniorane starta laurdag hadde sisteårs junior Erik Vaktskjold hatt sin innandørs-debut.

Målet var 3. plass, men han måtte ta til takke med ein sur 4. plass han òg.

Mens dei antatt beste seniorane var samla i heat 1, rodde Amund Bjørnevik i heat 3.

– Eg har ikkje deltatt innandørs sidan eg var på det mest aktive, i 2011-2012. Likevel blei det ny personleg rekord, seier Amund nøgd etter å ha kome inn på 2. plass i sitt heat med tida 6.24.

Amund studerer i Oslo og ror med studentforeininga sitt lag. Men han ser på seg sjølv som mosjonist i forhold til tidlegare aktivitetsnivå.

NM heldt fram med konkurranse for yngre deltakarar, der Os hadde fleire påmeldte. Vi kjem tilbake med deira resultat i eiga sak.

 

 

 

Fleire saker