Lokal | 30. jan. 2019

Øystein Oen ny leiar i Bjørnafjorden Ap

Bjørnafjorden Ap hadde årsmøte i går. Her er det nye styret.

Avtroppande Trine Lindborg saman med ny styreleiar, Øystein Oen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. jan. 2019 08:11

Bildeserie:

Årsmøte med musikalsk innslag. (Privat foto)
Bjørnafjorden Ap fortel om stor medlemsvekst det siste året. (Privat foto)
Nestleiar Nan Drange og leiar Øystein Oen. (Privat foto)
8 av dei 10 i det nye styret. (Privat foto)
Årsmøte med musikalsk innslag. (Privat foto)
Bjørnafjorden Ap fortel om stor medlemsvekst det siste året. (Privat foto)
1 av 4
Bjørnafjorden Ap fortel om stor medlemsvekst det siste året. (Privat foto)
Nestleiar Nan Drange og leiar Øystein Oen. (Privat foto)
8 av dei 10 i det nye styret. (Privat foto)
Årsmøte med musikalsk innslag. (Privat foto)

I november hadde Bjørnafjorden Ap nominasjonsmøte, der Trine Lindborg hamna på toppen av lista.

Lindborg var òg leiar for lokalpartiet, men på årsmøtet i går fekk ho arvtakarar i styret.

– Det gler meg at vi har fått på plass eit så kompetent og flott styre. Her er det fin spreiing i både alder og yrkesbakgrunn, og eg er overbevist om at Øystein Oen som leiar er eit veldig bra val, seier Lindborg.

Under stiftingmøtet i fjor (samanslåing, Os og Fusa) blei heile styret valt for berre eitt år.

– Det blei gjort for å sjå kor stor arbeidsbelasting det blei på dei som hadde fleire verv - og for å få involvert fleire av medlemmane. Bjørnafjorden Ap har hatt ein veldig god medlemsvekst det siste året, og vi har svært mange dyktige folk som no gjerne vil bidra for partiet.

Det nye styret: Øystein Oen (leiar), Nan Drange (nestleiar), Vegar Klyve, Espen Ivar Tveten, Anne Frotveit, Geir Ove Lunde, Viktor Arntzen, Amalie L. Bøyum, Anne Grete Gjerdevik og Viggo Furubotn.

Årsmøtet var supplert med musikalsk innslag ved Eirik Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.