Næringsliv | 07. jan. 2011

P-anlegg i Mobergshaugen?

Norconsult har på oppdrag frå Os kommune utgreiia eit parkeringsanlegg i samband med OHARA i fjell i Mobergshaugen.

Andris Hamrefredag 07. jan. 2011 10:53

Bildeserie:

1 av 9

Utgreiinga er ei del av forprosjekt fase 2 for OHARA (Os Hovudavlaupsreinseanlegg)

200 eller 400 plassar?
Konsulentselskapet har sett på fire alternativ kor dei anbefalar alternativ 3 og 4 med henhaldsvis 200 og 400 plassar. Dei anbefalar at anlegget utformast med to parallelle parkeringsplassar plassert mellom adkomsttunnelen og transporttunnelen til reinseanlegget.

Alternativ 3, med 200 plassar, er tenkt som eit anlegg på eit plan med ei førebels kostnadsramme på 79 millionar kroner.

Alternativ 4, med 400 plassar, vil bli over to plan med ramper mellom etasjane. Kostnadsramma for eit slik alternativ er førebels på 184 millionar kroner.

Kostnaden per parkeringsplass vil bli 395.000 og 461.000 kroner i dei to alternativa.

Adkomst frå Undino
Innkøyringa til anlegget vil bli felles med OHARA frå rundkøyringa i Byvegen kor ein etablerar ein ny arm frå rundkøyringa. Detaljar omkring køyremønsteret må ein koma attende til på eit seinare stadie i utgreiinga.

Norconsult ser for seg adkomsten dimensjonert for to-veis trafikk som skal dekkje køyring inn og ut av p-anlegget, samt til reinseanlegget. Ein reknar med at trafikken til og frå reinseanlegget vil vera beskjeden med omlag éin slamtransport per dag.

I tillegg til dei to køyrefelta vil ein legga fortau for gåande i same tunellen. Anlegget skal utformast i tråd med krava til universell utforming kor henhaldsvis 10 (Alt. 3) eller 20 (Alt. 4) plassar for bevegelseshemma nær fortau til utgongen.

Norconsult ser på ulempane ved ei samlokalisering som små for parkeringsanlegget. For reinseanlegget må ein gjera tiltak for å minimalisere kilder for luktspredning til parkeringanlegget og omgivingane for øvrig. Dette kan vera tiltak som berre å bruke lukka bilar til transport av slam, vasking og høgtrykkspyling av bilane før dei forlet reinseanlegget.

Ei anna ulempe som blir trekt fram er at ei samlokalisering vil medføra forseinkingar på framdrifta av reinseanlegget. Samstundes ser ein at ei felles utbyggjing vil kunne gje innsparingar på omlag 10 millionar totalt i anleggsfasen.

Støttar seg på baderapporten
Frå rundkøyringa til nærmaste hus har Norconsult målt 18 høgdemeter på kartet. Dei påpeikar at fjellet kor inn-/utkøyringa er planlagt er av varierande kvalitet med ei blanding av småfallent og storblokkig berg. For å sikre dette ser dei difor for seg ein betongportal dei ti første meterane av tunnelen.

Grunntilhøva er vurdert ut frå geologiske kart, geologiske rapportar frå utgreiingane av badeanlegg under Moberg og frå utgreiingar gjort i samband med Os sjøfront. Norconsult har ikkje gjort eigne vurderingar av bergmassekvaliteten, men støttar seg til dei data som føreligg frå Multiconsult si vurdering i samband med badeanlegget. Denne konkluderar med middels og god bergkvalitet i følgje Q-systemet. Med dei planlagte dimensjonane for parkeringsanlegget legg forrapporten opp til bergsikring med 5-6 cm sprøytebetong og bolteavstand 2,5-2,1 meter.

For dei to alternativa som Norconsult tilrår er det ein overdekking av fjell på henhaldsvis 25 og 22 meter som minimum i nordre del av østre hall. Ei overdekking på mellom 20 og 30 meter på eit anlegg med spennvidde på 17 meter som dette er anbefalt.

I rapporten heiter det at bygningar som ligg over 20 meter frå sprengningstaden normalt ikkje vil risikere skadar som følgje av rystelser.

Til Os og Fusaposten seier Willy André Gjesdal i Norconsult at dei som bur rett over anlegget vil kunna merka rystingar under spreningsarbeidet, men at det i dag er stilt krav til forsiktig sprenging når anlegget skal byggjast for å unngå skadar på hus og eigedommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.