På 26. plass i Norseman

Etter ryggbrot i mai var Gunnar Bøthun tilbake i triatlon i starten av juli. I går var han blant dei beste i ekstreme Norseman.

Berre dei 160 beste av 250 deltakarar får lov å fullføra løpet på Gaustatoppen (bakgrunnen), dei andre må springa maraton-delen ferdig i låglandet. (Privat bilde, foto: Bøthun support)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. aug. 2015 15:18

Bildeserie:

Gunnar Bøthun (t.v.) fekk backup av storebror Sigurd Beldo under løpet.
Etter svømming var det 180 km på sykkel, blant anna opp Måbødalen.
Så venta 42,2 km løping, først flatt, så opp Gaustatoppen (1850 moh).
Gunnar var nesten 15 minutt raskare enn raskaste kvinne.
Her går Gunnar Bøthun i mål som 26. beste av 250 deltakarar i årets Norseman.
Gunnar Bøthun (t.v.) fekk backup av storebror Sigurd Beldo under løpet.
Etter svømming var det 180 km på sykkel, blant anna opp Måbødalen.
1 av 5
Etter svømming var det 180 km på sykkel, blant anna opp Måbødalen.
Så venta 42,2 km løping, først flatt, så opp Gaustatoppen (1850 moh).
Gunnar var nesten 15 minutt raskare enn raskaste kvinne.
Her går Gunnar Bøthun i mål som 26. beste av 250 deltakarar i årets Norseman.
Gunnar Bøthun (t.v.) fekk backup av storebror Sigurd Beldo under løpet.

– Eg har prøvd å få plass i fleire år, men blant rundt 2000 søkjarar er det loddtrekning om dei 250 plassane, fortel osingen Gunnar Bøthun.

I fjor haust fekk han plass i Isklar Norseman Xtrem Triathlon. Årets mål for sesongen såg ut til å bli øydelagt i ei sykkelulykke i mai, då Gunnar hamna i grøfta og fekk brot i ryggen.

Men 5. juli var han tilbake og fullførte Ironman 70.3 i Haugesund.

I går viste han at han er på veg tilbake i form med ein imponerande 26. plass i Norseman.

– Nokre har som mål å fullføra, andre å få svart t-skjorte. Svart t-skjorte får du ved bli blant dei 160 beste, noko som kvalifiserer deg til å fullføra siste etappe opp til Gaustatoppen. Dei andre får kvit t-skjorte og må fullføra maraton-distansen i låglandet.

– Eg fekk svart t-skjorte med god margin, men det åleine var ikkje målet. Eg ville ha ei god plassering, og 26. plass er eg nøgd med. Eg hadde uansett ikkje noko meir å gje, seier Gunnar.

Kald sjø - vindstille fjell

Turen går frå Eidfjord i Hordaland til Gaustatoppen (1883 moh) i Telemark.

ISKLAR NORSEMAN:
• 1,8 km svømming (halvert distanse i år grunna kaldt vatn)
• 180 km på sykkel, blant anna opp Måbødalen
• 42,2 km (maraton) løping, dei siste 17 km i bratt bakke opp til 1883 meter over havskorpa

Gunnar fullførte på 11.36,18.

Vinnaren, Allan Hovda frå Haugesund, kom i mål på 9.43,37.

– Sjølv om svømminga er litt vond etter ryggskaden er eg glad for at ikkje distansen blei erstatta med løping, at det blei eit duatlon. Det å reisa ut med ferja og hoppa i fjorden har noko eige ved seg, det er ein del av det som gjer Norseman til ei stor oppleving, meiner Gunnar.

Triatlonet starta klokka 5 om morgonen laurdag.

– Vi fekk også oppleva noko så unikt som vindstille forhold over Vidda. Å sykla over Hardangervidda mens sola står opp var heilt fantastisk, synest han.

Support og smerte

Sjøen var kald etter den langsame snøsmeltinga denne kjølige sommaren.

– Det er stor forskjell på 10 og 13 gradar i sjøen, spesielt når du skal vera uti ei stund. Eg hadde ikkje kjensler i høgre fotblad før eg hadde sykla i fem timar. Men det er heilt greit, så lenge du veit at det er normalt, og så lenge det ikkje betyr noko for syklinga.

Distansen på to hjul er 10 km lengre enn Bergen-Voss. I tillegg har ikkje deltakarane lov å ligga i grupper, det skal vera minst 10 meter mellom kvar, sånn at alle får kjenna på luftmotstanden.

– Då er det godt å ha god support. Det er ikkje praktisk å setja opp drikkestasjonar over heile distansen, så det er eit krav både å ha følgebil og å ha éin med seg dei siste 5 kilometerane i terreng opp mot toppen.

Med seg hadde han storebror Sigurd Beldo og venane Jon Hægland, Stian Voll og Maria Vatne.

– På Vidda låg temperaturen rundt null, i Uvdal var det 20 varmegradar. Support-teamet mitt hadde drikke, mat og klede til meg. Ville eg ha ein våt caps eller at nokon skulle tøma vatn på meg, så var det berre å bestilla. Dei var ei fantastisk støtte.

Sigurd, som for to år sidan kom på 16. plass i same triatlon, var dessutan god mental støtte opp siste etappe mot mål.

– Du veit at det er hardt, men ikkje kor hardt. Sidan Sigurd har vore gjennom dette før så visste han kva han skulle seia for å få meg til å yta maksimalt opp mot toppen.

– Etter å ha gjennomført min første Norseman får eg dessutan endå meir respekt for det resultatet Sigurd fekk i 2013.

Axtri om to veker

Om to veker skal Sigurd i elden, då i Aurlandsfjellet Xtrem Triathlon.

– Eg er også påmeldt, men akkurat no er det umogleg å seia om eg stiller. Eg fekk ein liten betennelse i kneet i går, og to veker er uansett litt kort tid å koma seg på.

– Men eg trur Axtri kjem til å passa Sigurd godt. Der er det få og korte flate parti, mest rett opp, og det er Sigurd veldig god på, seier Gunnar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.