Sport | 06. jan. 2018

To på bylagssamling

Nora Johnsen og Malene Fagertun tatt ut til bylagssamling.

To på bylagssamling
Malene Fagertun og Nora Johnsen er tatt ut i Bylagstroppen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 06. jan. 2018 13:49

Bylaget er NHF Region Vest sitt regionslag for jenter 15. Laget skal møte dei andre regionane til turnering i Stavanger første helga i mars.

No har trenar Andreas Berntsen tatt ut bruttotroppen som skal samlast i Sotra Arena 16. januar for å starte oppkøyringa til turnering.

I stallen har han plukka med seg to jenter frå Os. Nora Johnsen frå Nore Neset, men som spelar på Os handball og Malene Fagertun frå Os handball.

– Vi har jo levert spelarar jamt og trutt til bylaga dei siste åra, så det at vi no har to i troppen er veldig kjekt, seier Trond Budal, som trener dei to jentene på Os sitt J18-lag.

– Det er eit tøft nålauge dei skal igjennom for å bli tatt ut på det endelege laget, men dei har absolutt moglegheiten til å komma med. Dei må berre stå på og visa seg fram.

– Både Nora og Marlene har vist gode takter i år og er med på dei tre treningane vi har i veka med J-18-laget. I tillegg til å trene og spele med sine eigne lag, så dei skal ha eit godt treningsgrunnlag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.