Litteratur | 25. apr. 2023

«På få dagar går Jacob Juul frå å vera pensjonert prest til å bli både bestefar og drapsmann»

Denne veka kjem forfattar Anders Totland til Os.

«På få dagar går Jacob Juul frå å vera pensjonert prest til å bli både bestefar og drapsmann»
Anders Totland (Foto: Marius Knutsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. apr. 2023 06:49

Torsdag kveld arrangerer hovudbiblioteket i Os Næringspark til forfattarmøte med Anders Totland.

– «Til jord skal du bli» gjekk rett inn på bestseljarlista, utan ei einaste bokmelding i pressa. Forfattaren kallar boka ein «tøysethriller», men ho er ikkje utan alvor, seier biblioteksjef Kirstine Folmann.

På få dagar går hovudkarakteren Jacob Juul frå å vera pensjonert prest som røktar bier og brenn sprit i uthuset, til å bli både bestefar, enkemann og drapsmann.

Korleis skal han redda seg sjølv og vesle Isabelle Donnatina frå gangsterane, og kva i all verda skal han gjera med den daude torpedoen i uthuset?

– Totland har på sju år gjeve ut ein drøss med bøker i mange sjangrar og for alle aldrar. Han har skrive faktabøker for barn, kokebok, dokumentarbok om folkeopprøret mot vindkraft, ungdomsromanar, vaksenromanar og no altså det Samlaget kallar ein «tragikomisk noir frå Finnskogen».

– Biblioteket har bestilt inn ekstra eksemplar. Lån og les! og kom gjerne på biblioteket torsdag! oppmodar Folmann.

På Bjørnafjorden bibliotek kan du møta forfattaren i samtale med Mari Lyssand.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Sånn blir Totland presentert hos bokhandlar Norli:

Anders Totland (f. 1986) er en norsk forfatter, oppvokst på Bømlo og holder til på Valen i Kvinnherad. Siden 2015 har han gitt ut en rekke barne- og ungdomsbøker i flere sjangre. Flere av bøkene er solgt til utlandet, og i 2017 ble han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2021 ga han ut sakprosaboka Vindmøllekampen – Historia om eit folkeopprør. Til jord skal du bli (2022) er hans andre roman for voksne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.