Lokal | 31. aug. 2010

På gata for Pakistan

Ungdomsklubben i Os kyrkjelyd arrangerer innsamlingsaksjon. På oppfordring frå Midtsiden blir nokre av dei også gatemusikantar.

På gata for Pakistan
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. aug. 2010 07:20

Pakistan opplever si verste flaumkatastrofe på 80 år. Over 14 millionar menneske er ramma i det FN kallar «ein langsam tsunami», ei naturkatastrofe som er større enn blant anna jordskjelvet på Haiti, men som i starten ikkje fekk like mykje merksemd eller naudhjelp som andre kriseområde har fått.

Men hjelp er på veg, blant anna frå FN, Verdsbanken, USA, Noreg - og Os.

- Pappa var involvert i innsamlingsaksjonar for Haiti og meinte at vi i ungdomsklubben var ein passande gjeng til å engasjera oss for Pakistan, fortel Kay Even Hægland, son til Øyvind Hægland.

Fredag tok han ein prat med fleire frå styret i ungdomsklubben, sundag hadde dei møte og førstkomande laurdag blir det innsamlingsaksjon med bøsser på Osøyro.

Treng bøssebærarar
Til dei jordskjelvramma på Haiti blei det samla inn rundt 90.000 kroner med bøsser og 50.000 kroner på støttekonsert.

- Vi håpar og trur at osingane har like stor vilje til å støtta ofra i Pakistan, seier Jannike Gangstø.

Ho fortel at kyrkjelyden har 30-40 bøsser liggande, no håper ho å få bærarar til alle desse.

- Alle som vil hjelpa til kan melda seg på kyrkjelydskontoret. Vi kjem til å stå i heile Os sentrum, i og rundt butikkane, laurdag frå klokka 10 til 14.

Blir gatemusikantar
Fleire av ungdomane som har engasjert seg i saka er musikalske. Ei av dei er Madeleine Berge Midtseter, som gjekk vidare til fylkeskulturmønstringa i Grieghallen i vår.

VIDEO: Her kan du sjå då Madeleine song i Grieghallen

- Kva med ein kombinasjon av støttekonsert og bøsseaksjon? Du vil ikkje ta med deg mikrofonen på laurdag?

- Det er klart eg kan! svara Madeleine, og fekk blant sine musikalske venar fleire som vil stilla opp med instrument.

Vil du melda deg som bøssebærar kan du ringa Jannike Gangstø på 91589614.

Skal du ikkje ned på Osøyro laurdag, men har lyst til å støtta aksjonen? Då kan du gje pengar direkte til kontonummer 1503.10.35144.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.