Finnebrekka 29 har blitt kalla blant anna Osheim, Lensmannsboligen og Villa Sana. I 2018 blei den privat bustad igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)  

På innsida av «nye Osheim»

Totalrenovert villa frå 1883: Fann skjulte dører og 105 år gamal avis i veggane.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I desember 2017 fortalde vi at den gamle villaen i Finnebrekka frå 1883, som opp gjennom åra har hatt ulike funksjonar, var selt og i ferd med å bli tilbakeført som bustad

Godkjenninga kom i oktober 2017, på forsommaren 2018 kunne kjøparane flytta inn.

No er det meste ferdig, også kjellar og hage. Midtsiden har fått sjå både resultatet og noko av det som blei funne i løpet av renoveringa.

Ulike namn - ulik bruk

Den har blitt kalla blant anna Osheim, Lensmannsboligen og Villa Sana, den over 130 år gamle villaen i Finnebrekka 29. Villaen var i nyare tid eigd av Redd Barna fram til den blei overtatt av Fylkeskommunen i 1986. Frå 2002 til 2008 blei den av Helse Bergen brukt som behandlingsheim for born. I 2012 blei villaen kjøpt av Kirkens Sosialtjeneste. I mai 2017 blei eigedomen lagt ut for sal. 

Villaen er SEFRAK-registrert. Bygningane i SEFRAK-registeret er i utgangspunktet ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerar meir som eit varsko om at kommunen bør ta ei vurdering av verneverdien før det eventuelt blir gitt løyve til å endra, flytta eller riva bygningen.

7 soverom og 4 bad

Kjøpar var sambuarparet Ingelinn Karlsen Nordaas og Eirik Sjåstad Øvredal. Eirik har vakse opp i Bjørkhovda i Os. Der budde han saman med Ingelinn fram til dei bestemte seg for å prøva å bu der ho kjem frå, på Hjellestad.

– Vi hadde budd på Hjellestad i rundt eit år, i eit eldre hus som vi pussa opp, då Osheim kom for sal. Vi hadde akkurat byrja å diskutera å flytta opp igjen til Os, og då passa det godt med ein stor og fin einesbustad så nær Os sentrum, men samtidig i eit fredeleg nabolag langs Oselvo.

I dag har familien på fem 365 kvadratmeter å boltra seg på. Terrassen er på 202 kvadratmeter.  

Eirik og Ingelinn har tre born, tvillingane Evelina og Philip (7) og Edward (2). Dei trivst allereie godt i bustaden saman med foresteren Lilly.

Innhald - etasje for etasje:
Kjellar: To soverom, bad, tv-stove, kjøkken/stove, bod og teknisk rom.
1. etasje: Stove, spisestove, kjøkken/stove, eitt soverom, bad og garderobar.
2. etasje: Fire soverom, to bad og vaskerom.
Loft: Førebels uinnreidd.

Ribba inn til laften

Osheim har tidlegare blitt pussa opp i fleire omgangar, men aldri så omfattande som no. Etter å greve opp og lagt nytt VA og ny drenering rundt villaen kom etterisolering, nytt tak, nye vindauge og nytt elektrisk anlegg på plass.

– Vi ville halda på mest mogleg av det originale. Derfor er huset blitt kvitt igjen, sjølv om mange som lever i dag hugsar det best som gult.

Innvendige veggar er rive heilt inn til laften, og alle berande veggar med unntak av éin står igjen.

– For å få kjøkken i passeleg storleik reiv vi veggen mellom det som var lensmannen sitt kontor og resten av politiet sitt areal.  

Huset skal vera bygd i solide materialar, men golvet var skeivt og det gjekk med 26 tonn med avrettingsmasse berre i hovudetasjen. Villaen har fått balansert ventilasjon og vannboren varme.  

«Fremgang på Vestfronten»

I samband med rivinga blei det kasta nesten 500 kubikk med gamle materialar. Men ikkje alt blei kasta eller forkasta. 

– Blyvindauge er tatt vare på, men ei skyvedør vi fann skjult i ein vegg hadde glas som blei knust, så her måtte nytt inn. Historiske detaljar som brystningspanel og originale dører er renoverte og blir brukt vidare. 

Alt golv i hovudetasjen var i linoleum. No er ny parkett lagt, men også her har Ingelinn og Eirik valt å halda ein stil frå tidlegare epokar.

– Det kan sjå ut som fiskebeinsmønster, men fiskebein saksar kvarandre. Dette er chevron, eit eldre mønster, som er kutta 45 gradar. 

Spisestova midt i hovudetasjen er den som har mest preg frå tidlegare tider. I samband med graving og rivinga blei det òg funne tomhylser merkte RA1941, Raufoss frå andre verdskrig, altså naziammuniasjon. Og samankrølla delar av eit eksemplar av Morgenavisen frå måndag 9. november 1914.

Avisa, som fungerte som isolasjon mellom vegg og innerdør, er adressert til Heidenreich, tidlegare driftsleiar på Osbanen. På delar av framsida kan blant anna lesa om «Fremgang på Vestfronten (…) i og omkring Sortehavet».

– Vi får sjå om vi klarer å få dette i stand òg, at vi får det i ei ramme på veggen, seier Ingelinn og Eirik.

Fleire saker