På innsio: ARKA
Den 104 år gamle familieverksemda er det 3. største selskapet i Os kommune. Her kan du bli kjent med drifta i Industrivegen.
Bildeserie:
Det starta med Andreas Rasmussen i Bergen i 1912. I 1920 bygde dei sin første rutebil, i 1928 mista Rasmussen alt i ein brann.
Men han gav ikkje opp. I 1936 flytta dei inn i nybygg i Fjøsangervegen, eit bygg dei framleis eig, i 1978 flytta dei inn i ein stor og moderne fabrikk i Industrivegen i Os, der dei framleis held til (her kan du lesa meir om historia til ARKA).
I dag er ARKA den største fabrikken av sitt slag i Noreg. Frå 2013 til 2014 auka dei omsetnaden frå 94 til nesten 115 millionar kroner, berre Tyrlanna (som bl.a. eig delar av Bøe og Lepsøy AS) og Bohus hadde høgare omsetnad i 2014.
På slutten av 90-talet kjøpte morselskapet Strømberg Gruppen fleire forhandlarar av Volvo lastebil, og eigde etterkvart alle frå Førde til Arendal.
55 tilsette har arbeidsplassen sin hos ARKA, som no er leia av tredje generasjon Rasmussen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.